About this role
Helse Bergen søker ein engasjert og dyktig matvert til teamet vårt ! Vi har ledig ein 15% fast stilling på Nordås ReHabiliteringsklinikken med turnus dag/kveld og fast arbeid kvar tredje helg . Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen. Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at me har nøgde medarbeidarar og brukarar. Helse Bergen har gjennom satsinga si på ernæring vedteke etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komma i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpassa kvar enkelt ernæringsbehovet sitt. Hospitalsdrift Matforsyning har ansvar for matstovene som finst for fleire avdelingar. Matstovene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretning av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 22 matstover. Arbeidsoppgåver Bidra med matomsorg til pasientar Bestilling, tillaging og servering av måltid Reinhald, oppvask og rydding Kvalifikasjonar Gode kommunikasjonsevner: Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg Erfaring frå kjøkken/kantine: Tidlegare erfaring i ei liknande rolle. (søkar med fagbrev som kokk blir føretrekt) Kjennskap til IK-mat: Du må ha forståing for internkontroll og kvalitetssikring i matlaging Gode IT-kunnskapar: Du må vere komfortabel med bruk av dataverktøy og programvare Matfagleg interesse: Du har ei sterk interesse for mat og ernæring Fagbrev som kokk er ønskeleg Personlege eigenskapar Fagleg interesse og engasjement Serviceinnstilt og imøtekommande Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre Strukturert og nøyaktig Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø Ha respekt for kvar enkelt pasient Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene Vi tilbyr Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN" Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Høgt fagleg nivå Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonÅge Nilsen, Driftskoordinator , 55974536 Arve Haga, Seksjonsleiar, 55977474 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5167783285 Stillingsprosent: 15% Fast Søknadsfrist: 03.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.