About this role
Me treng deg som er sjukepleiar/vernepleiar Me søkjer sjukepleiar eller vernepleiar til ledig 80% fast stilling Oppstart 1.november 2026 Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg eller med langvakter kvar 4. helg Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert sentrumsnært i Øystese. Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ein plass der det er godt å bu. Saman med dei andre tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom. Som tilsett hos oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving. Arbeidsoppgåver Oppgåver knytt til pasientoppfølging Medisinske prosedyrar Koordinering av pleieplanar Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel Fagutvikling Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Nyutdanna/snart ferdig utdanna sjukepleiarar oppfordrast til å søkja Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid i eldreomsorg, vil dette bli vektlagd God kommunikasjonsevner Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Du må kunne arbeida sjølvstendig Gode samarbeidsevner Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter Personlege eigenskapar Interesse for fagfeltet geriatri og demensomsorg Engasjert og positiv Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg Fleksibel og løysingsorientert Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø Me tilbyr Ein arbeidstad i utvikling Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø Varierte arbeidsoppgåver Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid) Gode pensjons- og forsikringsordningar Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonAnna Marie Frøseth, Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling, +47 974 84 612 ArbeidsstadSkårdalsvegen 20 5610 Øystese Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5164721627 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026 Om arbeidsgiveren: Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak. Naturopplevingar og aktivitetar Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold. Ein kommune for framtida Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. Eit variert næringsliv Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir