Now hiring

Sjukepleiar @ Employer

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli vår nye kollega? Me søkjer sjukepleiar til 80 % fast stilling Stillinga er ledig frå snarast Turnus med arbeid kvar 3.helg Mikkjelsflaten omsorgsbustader ligg fint til i Rokabrekka i Øystese og er organisert under tenester for heildøgns omsorg. Det er kort avstand til tilboda i Øystese sentrum. På Mikkjelsflaten er det; 16 enkle bustader og 6 bustader som er tilegna ektepar.Det er i hovedsak eldre bebuarar med heildøgns hjelpebehov. Arbeidsoppgåver Dagleg arbeid i avdelinga med bebuarane Medisinsk oppfølging mot legetenesta og spesialisthelsetenesta o.l. Tverrfagleg samarbeid med hjelpemiddellager, fysioterapi- og ergoterapitenesta Dosering av medikament i dosett og multidose Kommunikasjon og samarbeid med brukarar og pårørande Primæransvar for bebuarar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Nyutdanna/snart ferdig utdanna sjukepleiar oppfordrast til å søkja Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Serviceinnstilt og engasjert Fleksibel og løysingsorientert Lika utfordringar i arbeidet Interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar Samarbeidsvillig og gode kommunikasjonsevner Møta andre på ein respektfull og open måte Vi tilbyr Trivelege kollegaer i godt og tverrfagleg arbeidsmiljø Som sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg med kr 40 000 (forholdsmessig ved deltid) Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem Du får utfordringar og må arbeida like mykje sjølvstendig som du arbeider som del av ei gruppe Gode pensjons-/ og forsikringsordningar Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonLinn Barane-Birkeland, Gruppeleiar Tolo omsorg og Mikkjelsflaten, +47 902 54 038 ArbeidsstadRokabrekka 5610 Øystese Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5166809803 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026 Om arbeidsgiveren: Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak. Naturopplevingar og aktivitetar Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold. Ein kommune for framtida Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. Eit variert næringsliv Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores