Now hiring

Kjøkkenassistent i Beito barnehage @ BEITO BARNEHAGE

NO020, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Beito barnehage er bygd i 2005 og har lyse lokalar utforma med større og mindre rom. Barnehagen har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar. Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv. I barnehagen møter du eit godt kvalifisert personale som har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving til barn sitt beste. Fleksibilitet, tillit, humor og glede bidreg til eit godt arbeidsmiljø i barnehagen. Øystre Slidre kommune har fått tilskott til "toppa bemanning" i barnehagen, og vi ønskjer å bruke tilskottet til å tilsetje ein kjøkkenassistent for barnehageåret 2026/2027. Stillinga er ledig frå dags dato og varer til og med 10.08.27. Stillinga er på 24% og har arbeidstid 3 timar 3 dagar i veka. Arbeidstida er ved lunsjtid. Arbeidsoppgåver Planlegge og tilbrede enkle måltid, i hovudsak lunsj Vaske og rydde opp etter måltid Andre oppgåver kan vere aktuelle, med bakgrunn i erfaring og kompetanse til den som blir tilsett Kvalifikasjonar Vi stiller ingen formelle utdanningskrav, og vi søkjer deg som har interesse for matlaging, kan lage enkle måltid og har interesse for å jobbe med barn Om du har vore utanfor arbeidslivet ei periode, er du velkommen til å søke Du må ha grunnleggande norskkunnskapar og forstå beskjedar som blir gitt Det er krav om politiattest etter barnehagelova §30 Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar i tilsettinga Personlege eigenskapar Kunne samarbeide med og skape gode relasjonar til barn og vaksne i barnehagen Vere påliteleg og pliktoppfyllande Vere fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver Ha humor og glede i arbeidskvardagen Vi tilbyr Eit godt arbeidsmiljø der du er ønska i stillinga Lønn etter kommunal tariff KontaktinformasjonDagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, +47 99500955 ArbeidsstadØyangsvegen 11 2952 Beito Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5164641809 Stillingsprosent: 24% Engasjement Søknadsfrist: 06.09.2026 Om arbeidsgiveren: Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede! Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet. Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes. Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores