About this role
Ørsta kommune har, frå 01.11.2026, ledig 60 % vikariat som assistent eller barne- og ungdomsarbeidar i Vartdal barnehage. Ørsta kommune har 6 kommunale barnehagar som er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering. Vartdal barnehage er ein treavdelings barnehage og ligg fint plassert med kort avstand til fjord, fjell og skog. Den har også eit stort og innhaldsrikt uteområde og har kort avstand til Vartdal skule.Barnehagane i Ørsta arbeider ut frå tanken om at borna skal vere i sentrum, og at born er verdifulle, kompetente og sosiale, og har ut frå desse stikkorda utarbeidd felles standard for barnehagane. Dei tilsette arbeider for at borna skal få oppleve eit inkluderande miljø med venskap, omsorg, leik og læring.