Now hiring

Vil du drifte nokre av Noregs viktigaste bygg? @ Statsbygg

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Som eigedomsdriftar i Statsbygg får du ansvar for bygningar som betyr noko for samfunnet og framtida. Du vil bidra til drift og vedlikehald av ein veksande eigedomsmasse med stadig meir komplekse bygg. For å møte auka ansvar, fleire eigedommar og eit stadig meir omfattande drifts- og vedlikehaldsarbeid, styrkjer vi no organisasjonen og søkjer nye medarbeidarar innan drift og vedlikehald.Avdeling for drift og vedlikehald har som mål å utnytte ressursane våre best mogleg ved å ta i bruk ny teknologi, ha gode vedlikehaldsplanar og optimalisere energiforbruket og drifta.Vi har ledige stillingar i Sogn og i Bergen. Her er sjansen din til å bli ein del av eit dyktig team som driftar statlege eigedommar i Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og Bergen. I Bergen har teamet per i dag ansvar for høgskular og universitetsbygg. I Sogn er det ein portefølje av varierte eigedommar som høgskule, Bufetat-eigedom, kontoreigedommar, museum og fengsel. Teamet består av 15 dyktige medarbeidarar med kompetanse innan ulike fagområde. Vi har fokus på godt og konstruktivt samarbeid med leigetakarane våre, for å gi dei gode lokale til verksemda si. For tida byggjer vi eit nytt bygg for UiB, og ein av dei som blir tilsett i Bergen, er tiltenkt ei rolle i oppfølginga av dette frå drift si side – både under oppføring, i prøvedrift og i driftsfasen. I Sogn vil den som blir tilsett, inngå i teamet som driftar eigedommar i Sogn.Vi ønskjer å få med endå fleire kvinner på laget! Vi har eit eige nettverk for kvinner i drift som møtest jamleg for å dele erfaringar og byggje kompetanse. Som ein del av oss får du eit godt fagleg fellesskap.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores