Now hiring

Kantor / kyrkjemusikar @ Vaksdal kyrkjelege fellesråd

DalekvamOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vaksdal kommune ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Den norske kyrkja i Vaksdal omfattar seks sokn, og sju kyrkjer. Stamvegen mellom Bergen og Oslo, E16 samt Bergensbanen går gjennom store delar av kommunen og gjev effektiv kommunikasjon mot Voss og Bergen. Plasseringa gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagTo av kyrkjene i Vaksdal har form som katedral, langkyrkjer i stein med særdeles god akustikk. I Dale kyrkje er det eit tre-manuals elektropneumatisk orgel frå 1956 med 36 stemmer. Steinmeyer har mellom annan intonert orgelet. Dale kyrkje har òg eit Yamaha flygel frå 2006. I Vaksdal kyrkje er det eit 20 stemmers mekanisk Jehmlich orgel frå 1991.Me søker etter,kantorar/kyrkjemusikarar i 50% fast stilling.Stillinga inneheld mellom anna speling til kyrkjelege handlingar og seremoniar og direksjon. Staben i Vaksdal kyrkjelege fellesråd er liten og me jobbar tett saman og spelar kvarandre gode. Det vil bli lagt vekt på at den som tiltrer stillinga har gode samarbeidsevner og er ein lagspelar. Ein vil ha moglegheit til å påverke eiga stilling og arbeidskvardag."

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores