Now hiring

Vil DU vere med på å utforme framtida si helseteneste i Ål kommune? @ ÅL KOMMUNE HELSEADMINISTRASJON

NO085, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ål kommune skal i gang med eit prosjekt som handlar om å etablere ei digital heimeoppfølging (DHO) i kommunen. Målet er å sikre betre oppfølging gjennom tidleg oppdaging av endringar i helsetilstand, styrke pasienten sin meistring, redusere behovet for fysiske konsultasjonar eller innleggingar, samt sikre ei meir berekraftig helseteneste. Prosjektet vil omfatte både overføring av helseinformasjon og kommunikasjon med helsepersonell i kommunen, samt å ta i bruk teknologi innan rehabilitering, trening og aktivitet. Stillinga er sentral i kommunen si satsing på velferdsteknologi/e-helse og nye arbeidsformer, med mål om å styrke kvalitet, pasientsikkerheit og brukarmedverknad. Stillinga er i første omgang ein 50 % prosjektstilling i inntil 1 år. Stillinga kan kombinerast med andre ledige stillingar innan kommune. Me tilbyr Ein spanande prosjektstilling i eit viktig samfunnsoppdrag Eit tverrfagleg og engasjert arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse med mellom anna etablert tilbod om kronikaromsorg i legetenesta med dyktige spesialsjukepleiarar regionalt prosjekt med å ta i bruk meistringsteknologi tett regionalt samarbeid om digitalisering og e-helse knytt til Hallinghelse etablert prosjektgruppe som er tverrfagleg samansett internundervisning og fagleg påfyll arbeidsmiljø prega av humør og arbeidsglede Lønsvilkår Lønn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet. Utdanning, opplæring og kurs Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning og vidareutdanning for personleg vekst med gode stødnadsordningar: Det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobil ferdigheitstrening og regionale fagkurs. Bu og jobbe i Ål Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv! Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Flytt til Ål! . Arbeidsoppgåver leie planlegging, forankring, utprøving og gjennomføring av digital oppfølging utarbeide og følge opp framdriftsplan, risikoanalyse, gevinst plan og rapportering samarbeide med interne og eksterne aktørar, inkludert pårørande sikre brukarmedverknad og- involvering vere pådrivar, rettleie og støtte personell i bruk av teknologiske løsninger bidra i utvikling og testing av nye velferdsteknologiske løysningar i samarbeid med fagmiljø og leverandørar delta i teknisk og praktisk oppfølging med systemansvarlege, IKT med fleire delta i utarbeiding og vidareutvikling av rutinar og prosedyrar for bruk og vedlikehald av velferdsteknologi opplæring av pårørande og personell brukaroppfølging og tilpassing av teknologiske løysingar i samarbeid med helsepersonell fange opp behov i organisasjonen og omsetje dei til prioriterte og tiltak som let seg gjennomføre byggje kompetanse gjennom opplæring, rettleiing, malar og praktiske brukardøme følgje opp nasjonale fellesløysingar og vurdere korleis dei kan nyttast betre lokalt Kvalifikasjonar utdanning innanfor relevant fagområde, fortrinnsvis innan helsefag, minimum på bachelornivå ønskjeleg med erfaring frå prosjektarbeid og forbetringsprosessar innan digitalisering, velferdsteknologi / e-helse eller utviklingsarbeid god forståing for systematisk kvalitetsforbetring og bruk av relevante verktøy. evne til å gjere teknologi forståeleg og nyttig for leiarar, fagmiljø og tilsette god skriftleg og munnleg framstillingsevne kjennskap til informasjonssikkerheit, personvern, databehandlaravtalar og risikovurdering er ein fordel førarkort kl B Personlege eigenskapar nysgjerrig, engasjert, strukturert og løysingsorientert trygg i rolla som fagperson og samarbeidspartar evne til å motivere og involvere kollegaer trivs med utviklingsarbeid og endring tydeleg pasient- og brukarfokus god rolleforståing og gjennomføringsevne Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt Send søknad og politiattest vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytta til stillinga. Velkomen som søkjar. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små. I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg. Dei fleste av helse-og omsorgstenestene er lokalisert ved Ål helsesenter, som er samlokalisert med Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester. Me har moderne lokalar og god tilgang på teknisk utstyr. Ål helsesenter er samlingspunkt for små samankomstar og større arrangement. Me har eigen kafeteria som tilbyr kaffi, lunsj og middag. Kårstugu og Nigardstugu har ei rekkje aktivitetar som både bebuarar og heimebuande nyttar seg av. Dagsenter for eldre og dagsenter for kognitiv svikt er også lokalisert ved Ål helsesenter. Det blir lagt til rette for å vidareutvikle sin kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning. Helse- og omsorgssektoren driv spanande prosjekter og utviklingsarbeid, som sett dagsaktuelle tema i fokus. Me er også vertskommune for Hallinghelse, som er eit unikt fag- og utviklingsfellesskap for kommunane i Hallingdal. Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv! Bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ønskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Les meir på våre heimeside. Ål er ein av dei beste kulturkommunane i Noreg. Kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores