Now hiring

Operatør sveis @ SAFEROAD VIK ØRSTA AS AVD ØRSTA

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med på å sikre tryggare vegar? Saferoad Vik Ørsta ser etter ein motivert medarbeidar til vår moderne lysmastfabrikk, som vil vere med på det viktige arbeidet med å sikre tryggare vegar i Norge. Ei lysmast er ikkje berre ei lysmast, men skal bidra til å redde liv i trafikken. Vi treng di hjelp til å nå visjonen om null drepte og hardt skadde i trafikken! Hovudoppgåver vil vere: manuell sveis og robotsveis manuelt og automatisert mekanisk arbeid Stillinga inngår i skiftordning delar av året. Vi ser etter deg som: har interesse for mekanisk arbeid og sveis har sans for orden og system kan bidra til godt samarbeid i avdelinga og vere fleksibel for å jobbe i andre avdelingar har gode haldningar og lyst til å lære Du må gjerne ha relevant erfaring frå sveising eller liknande, men dette er ikkje eit krav. Vi gir nødvendig opplæring og kursing og du vil få muligheit til å ta fagbrev. Slik søkjer du: Send søknad, CV og vedlegg via lenka på denne sida. Har du spørsmål om opplasting av dokument? Kontakt Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20. Spørsmål om denne spennande stillinga? Kontakt oss: Arbeidsleiar Torbjørn Follestad, tlf. 909 07 329 Flytte til Ørsta? Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren. I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda. Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din? Stolte av produkta våre spør du? - Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er. Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Saferoad Vik Ørsta! Snart 80 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 80 år til. Minst! Video: Nanseth Media Video: https://youtu.be/TbWMxh1wli4?si=sjCZSNQhfxZTVaea Om arbeidsgiveren: Saferoad Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring og Marina. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 250 tilsette. Les meir om Saferoad Vik Ørsta på www.vikorsta.no Saferoad Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad Group. Saferoad Group er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2500 medarbeidarar i 13 land. Les meir om Saferoad på www.saferoad.com

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores