About this role
Om stillingane Vil du vere med og skape ein trygg, leiken og meiningsfull kvardag for barna våre? I Gulen kommune har vi barnehagar kor omsorg, leik, læring og gode relasjonar står i sentrum. No søkjer vi engasjerte og varme barne- og ungdomsarbeidarar som ynskjer å vere med og gi barna ein trygg start, gode opplevingar og utviklingsmoglegheiter i kvardagen. Hjå oss får du bruke kompetansen din i eit inkluderande arbeidsmiljø, kor samarbeid, nærvær og barnets beste er viktige verdiar. Me lyser etter fylgjande, for tida ved eining Dalsøyra barnehage og skule : 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar, frå 01.10.2026. Stillinga er, for tida, knytt til avdeling Dalsøyra barnehage I inntil 100% vikariat barne- og ungdomsarbeidar, frå snarast/etter avtale til medio august 2027. Kan verte moglegheit for noko forlenging av vikariatet. Stillinga er, for tida, knytt til avdeling Hovden barnehage Barnehagane i Gulen tilbyr Eit sterkt fokus på fagleg utvikling, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert verdsett Små og oversiktlege barnehagar som gir nærleik, gode relasjonar og ein trygg start for deg som er ny i yrket Eit godt, varmt og inkluderande arbeidsmiljø Rettleiing og støtte som del av arbeidskvardagen Eit godt fagleg nettverk og tett samarbeid mellom barnehagane i kommunen Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar Medverke til at barnehagen er ei god pedagogisk verksemd Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn Andre arbeidsoppgåver som måtte kome til Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med fagbrev, kan andre søkjarar verte vurderte for mellombels tilsetjing Erfaring frå arbeid i barnehage eller anna arbeid med barn er ynskjeleg Evne til å arbeide i tråd med barnehagen sitt samfunnsoppdrag og verdigrunnlag Grunnleggjande digital kompetanse Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling Personlege eigenskapar Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen Du tek initiativ og er aktivt med i leik og kvardagsaktivitetar Du samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer Du er fleksibel, ansvarsmedviten og løysingsorientert Personlege eigenskapar vil verte lagde vekt på Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering Løn etter tariff Om arbeidsgiveren: Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2317 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon. I Gulen kommune får meir enn ein jobb - du får vere ein del av eit lokalsamfunn med nærleik, tillit og sterke felleskap. Her arbeidar me saman for å skape gode tenester og ein trygg og attraktiv kommune for alle som bur her. Med vakker natur kring oss, gode moglegheiter for friluftsliv og eit arbeidsliv prega av samarbeid og utvikling, ligg alt til rette for ein meiningsfull arbeidskvardag i Gulen.