Now hiring

Rådgjevar @ MOVIA UTVIKLING AS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Avdelinga vår på Nordfjordeid har ledig 100% fast stilling som rådgjevar. Hva vi ser etter Vi ser etter deg som har: Relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå Erfaring frå liknande arbeid, og / eller kunnskap om og interesse for arbeidsinkludering God menneskekunnskap med auge for ressursar og utviklingspotensial Evne til å vere motiverande og sjå ulike løysingar til beste for deltakar Har gode samarbeidsevner Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk For oss er det viktig å ha rett person på rett plass. Personlege eigenskapar vert difor tillagde stor vekt. Har du lyst til å prøve noko nytt og utfordrande, så er kanskje du den vi leitar etter. Arbeidsoppgaver Som rådgjevar i Movia vil du få ansvaret for å hjelpe menneske med ulike utfordringar i, eller tilbake i arbeid. Dette inneberer å motivere, støtte og gje tett oppfølging til kvar enkelt tiltaksdeltakar i heile prosessen fram mot arbeid. Under prosessen vil du ha eit tett samarbeid med Nav, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar. Du må og vere aktiv i arbeidsmarknadane slik at du får innsikt i verksemdene sine behov og bygger tett relasjon til lokalt næringsliv. Arbeidsoppgåver: Indivduelle rettleiing og kartleggingssamtaler med tiltaksdeltakar knytt til helse og arbeidsliv Finne jobbmoglegheiter basert på deltakar sine interesser, styrker, kompetanse og ferdigheiter Oppsøke aktuelle arbeidsgjevarar og bygge nettverk i lokalt næringsliv Etablere god relasjon til tiltaksdeltakar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar Utarbeiding og oppfølging av individuelle planar, samt rapportar til Nav og deltakar Vi tilbyr Ein spennande, utfordrande og meiningsfull jobb Vere ein del av eit større fagmiljø i Movia Eit godt og triveleg arbeidsmiljø Høve til å bruke eigne erfaringar, kunnskap og interesser Løn etter avtale God pensjonsordning Om arbeidsgiveren: Movia er ein viktig samfunnsaktør, og leverer arbeids- og inkluderingstenester i Nordfjord. Movia skal hjelpe menneske med ulike utfordringar i og utanfor arbeidslivet. Vi er lokaliserte på Sandane, Nordfjordeid og i Stryn, og har til ei kvar tid ca. 150 personar inne på ulike arbeidsretta tiltak.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores