Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar @ SUNDE BARNEHAGE

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere vår ny kollega? Sunde barnehage søker ein engasjerte barne-og ungdomsarbeidar i 100% fast stilling , med oppstart 1. september 2026 eller etter avtale for den rette personen. Vi er ein kommunal barnehage med 2 avdelingar, ein for barn mellom 1-3 år og ein avdeling for barn mellom 3-6 år. Barnehagen ligg sørvendt til i Solevågen i Sula kommune, ca 8 minutt kjøring frå Moa. Vi har ein friluftsprofil, og bruker det unike nærområdet vårt til turar i fjøra, i skogen, på fjellet og til Sundsmyra. Visjonen vår er: Med omsorg for framtida. Verdigrunnlaget vårt er: Alle i Sunde barnehage skal kvar dag ha kjensle av å vere viktige og å bli sett. Vi bygger gode relasjonar og møter barnehagedagen med omsorg, refleksjon og faglegheit. Du kan lese meir om barnehagen på Sula kommune si heimeside, under Oppvekt og utdanning. Arbeidsoppgåver ha fagleg medansvar for pedagogisk målretta arbeid i barnehagen, i samarbeid med og under rettleiing av pedagogisk leiar ha medansvar for å planlegge, gjennomføre aktivitetar og evaluere desse ha ansvar for at praktiske arbeidsoppgåver blir gjennomført i samarbeid med det øvrige personalet i barnehagen ha delansvar for å observerer, vurdere og dokumentere aktivitetar ut frå barna sine føresetnadar og behov, i henhald til barnehagen sitt system for dette ha ansvar for tilsyn, tryggleik og omsorg for barna ha medansvar til å oppfylle måla og krava i rammeplan, årsplan og avdelinga sine mål sette seg inn i og bruke datasystema og digitale verktøy som barnehagen nyttar sette seg personlege mål og arbeide sjølvstendig ha ansvar for å følgje opp avtalte daglege rutinar innan HMS eller anna Kvalifikasjonar godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar god norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Nynorsk er tenestemålet i barnehagen kunne bruke og vise interesse for digitalt verktøy i arbeidet politiattest av nyare dato må leggast fram ved tilsetting Personlege eigenskapar Vi ser etter ein person som er positiv og fleksibel er initiativrik og utviklingsorientert liker å gå på tur, vere ute i all slags vêr og vere aktiv deltakande i leik og læring saman med barn og vaksne viser engasjement og vilje til å handtere alle sider ved arbeidet på avdelinga viser høg arbeidsmoral og har stor tilstedeværelse på jobb kan jobbe både på storbarn- og småbarnsavdeling, alt etter barnehagen sin behov tek positivt medansvar for eigen og andre sin trivsel, og like å arbeide i team Faglege og personlege eigenskapar bli vektlagt. Vi tilbyr arbeide tett i lag som personale med fokus på kvalitet, endring og utvikling godt arbeidsmiljø med høg trivsel løn etter hovedtariffavtalen sine rammer og lønnspolitiske retningslinjer god offentleg tenestepensjon i KLP med gode låne- og forsikringsvilkår KontaktinformasjonAnita Beth Quon Eikrem, Einingsleiar, 47648090, [email protected] ArbeidsstadRystene 30 6037 Eidsnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sula kommune Referansenr.: 5162097610 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026 Om arbeidsgiveren: Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune. Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg. Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta. Meir informasjon om Sula kommune her

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores