Now hiring

Sveiser søkjast! @ BIDNE MEK & SVEIS AS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Bidne Mek og Sveis AS søkjer sveisar/platearbeidar Mei søkjer ein påliteleg og arbeidsvillig platearbeidar/sveisar til verkstaden vår. Arbeidet består hovudsakleg av platearbeid og produksjonssveising, samt tilhøyrande oppgåver i produksjonen. Fagbrev og/eller erfaring innan faget er ein fordel, men ikkje eitt krav. Det viktigaste er at du er lærevillig, nøyaktig og motivert for å gjere ein god jobb. Du vil få nødvendig opplæring. Arbeidsoppgåver Produksjonssveising Montering og tilpassing av ståldelar Kontroll av eige arbeid Bruk og vedlikehald av vanleg verkstadutstyr Bruk og vedlikehald av CNC platemaskiner Bidra til orden, kvalitet og tryggleik på arbeidsplassen Kvalifikasjonar Erfaring med sveising eller verkstadarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav Du må kunne arbeide sjølvstendig og følgje arbeidsinstruksjonar Må beherske Norsk skriftleg og muntleg. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: er nøyaktig og kvalitetsmedviten møter presis og er til å stole på er praktisk lagd og lærevillig trivst med fysisk og praktisk arbeid samarbeider godt med andre Vi tilbyr Opplæring og oppfølging Varierte arbeidsoppgåver Eit godt og uformelt arbeidsmiljø Løn etter avtale Om stillinga Arbeidsstad: Bidne Stillingsprosent: 50-100% Tilsetjingsform: fast Oppstart: Etter avtale Søknadsfrist: søndag 30. august Send ein kort søknad og gjerne CV til [email protected] Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte Joar på telefon 97737245 Om arbeidsgiveren: Bidne Mek og Sveis AS driv mekanisk verkstad på Vossestrand i Voss herad. Me leverer tenester til landbruk, anlegg, industri og private, og utfører mellom anna sveising, mekanisk arbeid, hydraulikk, reparasjon, 3D-teikning og produksjon. Me arbeider i stål, rustfritt/syrefast stål og aluminium. Gjennom merkevara BMS-AGRI utviklar, produserer og sel me landbruksutstyr, med hovudvekt på løysingar for gjødselspreiing. Me er ei praktisk og løysingsorientert bedrift som legg vekt på kvalitet, godt handverk og god service.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores