About this role
Konsulent/spesialkonsulent 100 % fast stilling knytt til helse og oppvekst Me i Organisasjon og innbyggarkontakt søkjer ein engasjert og strukturert konsulent/spesialkonsulent i 100 % fast stilling. Dette er ei spanande stilling for deg som likar å ha mange ballar i lufta, trivst med varierte arbeidsoppgåver og ønskjer å bidra til gode tenester. Kvifor skal du søkje? Fordi du likar å ha kontroll på detaljane, men samtidig trivst med å vere ein del av eit lag som heiar på kvarandre. Hos oss er trivsel og godt arbeidsmiljø ikkje berre fine ord – det er kvardagen vår. Me jobbar saman, ler saman og løyser utfordringar saman. Kva skal du gjere? Du blir ein viktig støttespelar for einingsleiarane innan oppvekst og helse, og får varierte oppgåver som gjer arbeidskvardagen både spanande og lærerik. Arbeidsoppgåver: Administrativ støtte til einingsleiarar Personalmeldingar og merkantile oppgåver Fakturering og refusjonar Du kan jobba i ulike fagsystem Oppfølging av rutinar og administrative prosessar Andre administrative oppgåver Kven er du? Me ser etter deg som: Har relevant høgskuleutdanning og gjerne med relevant erfaring Er digitalt sterk og lærer nye system raskt Kan formulere deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg Er strukturert, nøyaktig og serviceinnstilt Personlege eigenskapar me set pris på: Du trivst med ansvar og utfordringar Du er ein lagspelar med gode kommunikasjonseigenskapar Du er løysingsorientert og har orden i sysakene Du arbeider sjølvstendig og tek initiativ Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Kva får du hos oss? Varierte og utviklande arbeidsoppgåver Eit sterkt fagmiljø og gode kollegaer Moglegheit for fagleg utvikling Fleksitidsordning Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Ein arbeidsplass midt i hjarta av kommunen – bokstaveleg talt! Praktisk informasjon Stilling: Konsulent/spesialkonsulent Stillingstype: Fast Stillingsstorleik: 100 % Oppstart: Snarast mogleg eller etter avtale Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Suldal kommune følgjer offentleglova § 25 ved offentleggjering av søkjarliste. Vil du vite meir? Høyr gjerne på episode 1 av podcasten Kraftlaget, der du møter einingsleiar Bente Tednes Gjil og får eit innblikk i kvardagen vår. Les meir på kommunen si heimeside om: KRAFTLAGET i Suldal – her får du meir enn ein jobb!Me gler oss til å høyre frå deg – velkomen som søkjar! Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Om Suldal kommune Skattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar. I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter, du kjem frå 0 til 1000 meter over havet på 40 minutt. Det er flotte merka turløyper i heile kommunen, skianlegg på Gullingen og eit aktivt båtliv. Me har aktive og gode lokalmiljø, koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv. Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst Suldal Bad. I grendene er det mykje aktivitet i form av kultur arrangementer og ein befolkning som er oppteken av å utvikle grendene våre. Kraftkommunen Suldal har eit godt og allsidig tenestetilbod, med 436 årsverk. Suldal kommune er i stadig utvikling og har eit stort arbeid på gang for å bli ein LEAN-kommune.