Now hiring

Fagarbeidar @ SULDAL KOMMUNE OPPVEKSTKONTOR ADMINISTRASJON

NO0A1, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Me søkjer etter deg som vil vera med på laget vårt. Erfjord skule er ein 1-7.skule med 76 elevar skuleåret 2026/2027. 80% vikariat frå snarast til 31.12.26 med mogleigheit til forlenging Kvalifikasjonar: Fagbrev i barne-og ungdomsarbeid Me søkjer deg som: Har ein ekte motivasjon for å arbeida med barn. Er fleksibel Er deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg. Oppteken av å søkje kunnskap ilag med barn. Bidreg til eit positivt læringsmiljø Tilstadeverande. Fagleg interessert. I tillegg ønskjer me at du har: Eit positivt menneskesyn. Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar. Gode norskkunnskapar. Evne til å inspirera og motivera kollegane dine Evne til å jobba målretta, og likar å sjå resultat av jobben din. Erfaring frå arbeid i barnehage-/ skule Hos oss i Suldal kommune får du Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Engasjerte og dyktige kollegaer Gode pensjons- og forsikringsordningar Bedriftshelseteneste Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk Nynorsk som administrasjonsspråk Andre opplysningar: Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldreenn tre månadar Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste Slik søkjer du Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar. Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft. Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt. Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores