About this role
Medisinsk poliklinikk ved Førde sentralsjukehus har ledig ei 40% prosjektstilling som forskingssjukepleiar i to år, med moglegheit for forlenging. Det er eit nasjonalt mål å gi fleire pasientar høve til å delta i kliniske studiar og utprøvande behandling. Helse Førde arbeider målretta for å byggje opp ein god infrastruktur for dette, i tråd med nasjonale føringar. Som forskingssjukepleiar blir du ein del av eit team som arbeider med å utvikle og gjennomføre kliniske studiar. Du vil bidra til at Helse Førde kan gjennomføre fleire studiar på ein effektiv, trygg og profesjonell måte. Arbeidsoppgåver Delta i planlegging, kvalitetssikring og gjennomføring av kliniske studiar for ulike diagnosar Oppfølging av pasientar som deltek i kliniske studiar Vere koordinerande ressursperson for pasientar, pårørande og anna helsepersonell Undervisning og rettleiing (til samarbeidande personale) Polikliniske konsultasjonar med lege og eigne sjukepleiarkonsultasjonar Kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar Sikre god kvalitet på studiedata gjennom god dokumentasjon og rapportering Delta i utviklingsarbeid med omsyn til kliniske studiar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Ønskjeleg med erfaring frå klinisk forsking, særleg kliniske studiar Ønskjeleg med erfaring frå pasientbehandlig på sjukehus Gode digitale ferdigheiter God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk Personlege eigenskapar Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig Initiativrik og engasjert Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide på tvers av fagmiljø Gode kommunikasjonsevner Fleksibel og løysingsorientert Ansvarsbevisst Personleg eignaheit vil verte vektlagd Vi tilbyr Nødvendig opplæring Eit spanande og dynamisk arbeidsmiljø Moglegheiter for kompetanseutvikling Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Opplæring i forskningsspesifikke program Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein arbeidsplass med inkluderande arbeidsliv (IA-bedrift) Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonLine Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar, (+47) 910 08 356 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5163420515 Stillingsprosent: 40% Engasjement Startdato: 07.09.2026 Sluttdato: 06.09.2028 Søknadsfrist: 31.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.