Now hiring

Administrasjons- og servicemedarbeidar (50%) @ ÅRDAL TEKNOLOGIPARK AS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Årdal Teknologipark søkjer ein positiv, strukturert og serviceinnstilt administrasjons- og servicemedarbeidar i 50 % stilling. Ei variert rolle der du får ein viktig funksjon i den daglege drifta av teknologiparken og bidreg til at både besøkande og leigetakarar får ei god oppleving. Hva vi ser etter Vi ønskjer ein person som: Er strukturert og sjølvstendig Har gode samarbeidsevner og eit positivt vesen Likar å yte god service og skape gode opplevingar for andre Er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver Tek initiativ og ser kva som trengst å gjerast Arbeidsoppgaver Vere vertskap for besøkande og gjester i Årdal Teknologipark Koordinere bookingar og leggje til rette for møte, kurs og arrangement Fakturering og enklare administrative oppgåver Informere brukarar og besøkande om rutinar og retningslinjer i lokala Bidra til orden, trivsel og god service i teknologiparken Andre førefallande administrative og praktiske oppgåver Vi tilbyr Ei variert og sjølvstendig stilling i eit spennande næringsmiljø Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte menneske Moglegheit til å vere med og vidareutvikle Årdal Teknologipark Løn etter avtale Om arbeidsgiveren: Vi skal legge til rette for ny industri og næring i Årdal gjennom bygg, areal, infrastruktur og teknologi, samt koordinere og støtte samarbeid mellom eksisterande og nye aktørar i Årdal og regionen. Våre eigarar er Årdal Utvikling, Hydro Aluminium og Årdal Energi Holding. I saman sikrar vi trygg tilrettelegging for industri- og næringsutvikling i Årdal med ei veksande eigedomsportefølje. Selskapet arbeider tett og koordinert saman med Årdal Utvikling og Sitep, med eit felles mål om å sikre eit meir robust næringsliv i kommunen. Arbeidet vårt er forankra i det lokale næringslivet og vi er ein pådrivar for samarbeid og etablering. Her har vi samla eit mangfald av kompetansebedrifter innan eit breitt spekter av fagområde, alt frå gründerbedrifter som produserer alger til Hydro sitt senter for forsking- og teknologiutvikling innan aluminiumsproduksjon.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores