Now hiring

Lærar Kleppe skule @ KLEPPE SKULE

NO0A1, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig vikariat og søker etter ein motivert og engasjert kontaktlærar som ønsker å utgjere ein forskjell for elevane våre. Vil du arbeide på ein spennande barneskule med gode kollegaer? Vi har ledig lærarvikariat i 100% frå snarast og til 31.07.27. Søk nå, ikkje vent til fristen, vi tilset fortløpande. Visjonen vår er saman om ein god start, og verdiane inkludering og meistring er viktige for oss i arbeidet med å skape ein framtidsretta skule der elevane kan utvikle seg i eit trygt og utforskande læringsmiljø. Kleppe skule er ein barneskule med 450 elevar og 82 tilsette. Vi har sentral plassering med god bussforbinding. Uteområdet vårt er stort og godt, og vi har nettopp bygd på skulen med stor og flott aula og kantine. Ved skulen har vi Språkstasjon for 1.-7.trinn, som er ein eigen avdeling for elevar som kjem nye til landet. Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø. Skulane i Klepp er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Time og Gjesdal. Arbeidsoppgåver Lærar 1.trinn Planleggje og gjennomføre variert, utforskande og inkluderande undervisning Sørgje for eit trygt, inkluderande og godt skule- og klassemiljø Bidra til eit godt skule - heimsamarbeid Delta aktivt i profesjonsfellesskapet Kvalifikasjonar Godkjent undervisningskompetanse, GLU 1-7 eller allmennlærarutdanning. Barnehagelærarutdanning kan og vere aktuelt. Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. God digital kompetanse. Legg ved attestar og vitnemål i søknaden (last inn som vedlegg i webcruiter) Personlege eigenskapar Du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega. Du er god til å skapa gode relasjonar til alle elevar. Du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson. Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar Du har fokus på kvalitet og auka læringsutbytte hos elevane. Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid. Du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel. Du samarbeider og kommuniserer godt. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Vi tilbyr Klepp kommune har gode velferdsordningar, pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk KontaktinformasjonSylvia Gjersdal, Rektor, +47 92839767 ArbeidsstadViervegen 10 4351 Sandholen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5163427160 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 17.08.2026 Søknadsfrist: 25.08.2026 Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne. Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores