About this role
Vil du vere med og forme framtidas LIS-utdanning i Helse Fonna? Som koordinerande utdanningsansvarleg overlege får du ansvar for å utvikle og kvalitetssikre LIS-utdanninga i Helse Fonna. Du blir eit viktig bindeledd mellom fagmiljøa, leiinga, utdanningsutvalet og regionale samarbeidspartnarar – og får påverke korleis vi legg til rette for ei heilskapleg og fagleg solid spesialistutdanning. Utdanning er ei av kjerneoppgåvene i spesialisthelsetenesta. Helse Fonna har ansvar for det faglege innhaldet og den praktiske gjennomføringa av spesialistutdanninga for legar i føretaket. Målet er at legar i spesialisering skal få utdanningsløp med høg fagleg kvalitet, god progresjon og føreseielege rammer. Du skal leie Helse Fonna sitt utdanningsutval for legar i spesialisering og representere føretaket i det regionale utdanningssenteret RegUt . Gjennom samarbeid med fagmiljø i og utanfor Helse Fonna bidreg du til å vidareutvikle utdanninga både lokalt og regionalt. 👉 Vil du bruke erfaringa di til å forme gode utdanningsløp for framtidas legespesialistar? Då håpar vi du søkjer. Kva går jobben ut på? Som koordinerande utdanningsansvarleg overlege skal du: koordinere, kvalitetssikre og vidareutvikle LIS-utdanninga i Helse Fonna sikre at utdanningsløpa er i tråd med lokale, regionale og nasjonale krav og føringar bidra til god fagleg kvalitet og progresjon i dei ulike spesialiseringsløpa ha ansvar for introduksjonskurs for LIS1 bidra til å koordinere og vidareutvikle undervisningsopplegg for legar i spesialisering sikre god og tilgjengeleg informasjon om LIS-utdanninga i føretaket Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Fullført spesialistutdanning og erfaring som spesialist. Det er ønskjeleg med erfaring frå LIS-utdanning, rettleiing eller kvalitetsutvikling. God skriftleg og munnleg framstillingsevne. God digital kompetanse Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som samarbeider godt og byggjer gode relasjonar på tvers av fagmiljø. Du arbeider strukturert og målretta, tek initiativ og følgjer opp oppgåver til dei er gjennomførte. Du kommuniserer tydeleg, involverer andre og får folk med deg i utviklingsarbeidet. Samtidig har du blikk for både heilskapen og behova i dei enkelte utdanningsløpa. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: Meiningsfulle oppgåver innan utdanning og kvalitetsutvikling. Høve til å påverke korleis vi legg til rette for framtidas legespesialistar. Samarbeid med fagmiljø både i og utanfor Helse Fonna. Eit utviklingsorientert og godt arbeidsmiljø. Fleksibel arbeidstid. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonFinn Arve Åsbu, Avdelingsleiar, 52732085, [email protected] ArbeidsstadKarmsundgata 77 5531 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5159393255 Stillingsprosent: 50% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .