Now hiring

Barnepleiar/helsefagarbeidar @ Employer

NO0A1, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Som barnepleiar/helsefagarbeidar hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i ei triveleg og engasjert fagmiljø. Stillinga er eit svangerskapsvikariat med arbeid kvar tredje helg. Det er ein føresetnad at du kan arbeide nattevakter. Avdelinga er ei kombinert føde/barsel eining som selekterer mellom normal og risiko fødslar. Avdelinga har ca. 1300 fødslar i året. Vi samarbeider med gynekologisk eining og med nyfødt intensiv eining. Vi ser etter deg som vil bidra til at mor, barn og partner får ein god start på det nye livet saman. 👉 Er det deg vi ser etter? Søk i dag! Kva går jobben ut på? Gi rettleiing og støtte om amming og barnestell. Bidra til god omsorg og oppfølgning av mor og nyfødd. Assisterar jordmor og lege ved fødslar. Assisterar barnelege ved rutineundersøkingar. Ansvar for barselpoliklinikk. Bidra til rettleiing og opplæring av studentar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Autorisasjon som hjelpepleier/helsefagarbeider. Det er ønskeleg med erfaring fra føde- og barselavdeling. Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du har interesse for føde- og barselomsorg møter pasienter og pårørande med respekt og omtanke ønskjer å utvikle deg fagleg i samarbeid med dyktige kollegaer arbeider strukturert og bidreg til gode pasientforløp tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver med eit ope sinn Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Kollegaer som ser og tek vare på kvarandre i ein hektisk kvardag. Høgt fagleg nivå med mulighet for fagleg og personleg utvikling. Simulering og fagdagar som del av turnusen. Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift( IA-bedrift). Medlemskap i pensjonsordning , 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring. Dersom ynskje om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonKarin Skjoldal, Funksjonsleiar, +47 99490299 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5157262708 Stillingsprosent: 75% Vikariat Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 22.08.2027 Søknadsfrist: 25.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores