Now hiring

Reinhaldsmedarbeider/Ressursteam @ Time kommune, Samfunn og kultur

BryneOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vera med og skapa gode og trygge innemiljø for innbyggjarane i Time kommune?Me søkjer etter ein fleksibel og løysingsorientert medarbeidar til reinhaldstenesta sitt ressursteam. Dette er ei stilling for deg som trivst med variasjon, endringar og nye utfordringar i arbeidskvardagen.Som ein del av ressursteamet vil du arbeida på ulike lokasjonar i kommunen, der arbeidsstad og arbeidsoppgåver kan endra seg på kort varsel. Du vil dekka opp ved fråvær, utføra utvask av kommunale bustader og bidra der behovet er størst. Difor er det viktig at du er sjølvstendig, tilpassingsdyktig og komfortabel med ein arbeidskvardag som sjeldan er heilt lik frå dag til dag.Me ønskjer gjerne søkjarar med erfaring frå reinhald og relevant fagkompetanse. Samtidig veit me at gode medarbeidarar kjem med ulik bakgrunn. Dersom du ikkje oppfyller alle kvalifikasjonskrava, men har rett innstilling, høg arbeidsmoral og vilje til å læra, oppmodar me deg til å søkja. For den rette kandidaten vil me leggja til rette for opplæring og utvikling.Reinhaldstenesta i Time kommune nyttar moderne arbeidsmetodar og har teke i bruk robotisert reinhald som ein naturleg del av tenesta. Me ser etter medarbeidarar som er nysgjerrige på nye løysingar og som ønskjer å utvikla seg i takt med ny teknologi.Arbeidstida er frå kl. 06:00 til 13:30.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores