Now hiring

Fagarbeidar på Restaurant og matfag @ Møre og Romsdal fylkeskommune, Borgund vgs [borgund]

ÅlesundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og forme framtidas fagfolk innan restaurant- og matfag?Restaurant- og matbransjen i Ålesund og på Sunnmøre er i sterk utvikling. Nye verksemder veks fram, og behovet for dyktige fagarbeidarar og lærlingar er stort. Ved Borgund vidaregåande skole utdannar vi ungdommane som skal møte dette behovet – og no ser vi etter ein engasjert fagarbeidar som vil vere med på laget.Hos oss får du bruke fagkompetansen og erfaringa di til å skape meistring, motivasjon og yrkesstoltheit hos elevane. Gjennom praktisk arbeid på kjøkkenet, samarbeid med lokalt arbeidsliv og opplæring på skulen skal vi saman førebu elevane på læretid, fagbrev og eit framtidig yrkesliv.Vi ser etter deg som har fagbrev og relevant erfaring frå restaurant- og matbransjen, og som ønskjer å dele kunnskapen din med ungdom. Du må trivast i møte med ulike menneske, vere ein trygg og tydeleg vaksen og ha lyst til å bidra til at elevane våre utviklar seg til stolte fagfolk for framtida.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores