About this role
Tilkallingsvikarar skuleåret 2026/2027Stranda vidaregåande skule søker etter tilkallingsvikarar i fellesfag (norsk, engelsk, matematikk, samfunnskunnskap, geografi, historie og framandspråk tysk og spansk), og til spesialpedagogikk. Vi søker også etter tilkallingsvikarar i programfag knyta til dei ulike utdanningsprogramma vi har.Stranda vidaregåande skule har om lag 120 elevar fordelt på utdanningsprogramma studiespesialisering, idrettsfag, naturbruk/akvakultur og helse og oppvekstfag. Skulen har 25 tilsette, gode lokalitetar og ligg sentralt til i tettstaden Stranda.For meir informasjon sjå nettstaden stranda.vgs.noÅ ta oppdrag som tilkallingsvikar kan passe deg som er i deltidsjobb, jobbar turnus, er deltidsstudent eller pensjonist, eller er i ein situasjon der du har høve til å ta på deg kortvarige oppdrag. Vi ser etter deg som gjerne har erfaring som lærar, er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell. Du må være engasjert, interessert i å arbeide med opplæring og ha eit positivt syn på ungdommar. Du må ha utdanning og bakgrunn som er relevant i høve eitt eller fleire av faga/programfaga skulen tilbyr. Utlysinga har lang søknadsfrist, men vi registrerer fortløpande innkomne søknader, og tek kontakt med deg dersom vi har oppdrag som er aktuelle for deg med di utdanning og bakgrunn. For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole er det krav om politiattest.