About this role
Voss sjukehus søkjer etter spesialist i ortopedisk kirurgi.Ortopedisk seksjon har ledig eit vikariat for spesialist i ortopedi i perioden 01.11.2026 - 31.01.27 då ein av ortopedane våre skal ha foreldrepermisjon.Voss sjukehus Ortopedisk seksjon har fem fast tilsette ortopedar og tre LIS 3. Ortopedisk seksjon behandlar både akutt og elektiv ortopedi. Av elektiv ortopedi vert det utført protesekirurgi i hofte og kne, artroskopi i skulder og kne, handkirurgi, og fot- og ankel kirurgi. Erfaring innan eitt eller fleire av desse fagområda er ei føremon. Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus.Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på fem kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og andre kringliggande kommunar i Sogn og Hardanger.Voss herad har rundt 16.500 innbyggjarar og staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne, innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko, og Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg berre nokre steinkast frå sjukehuset. Det er også ein flott 9-hols golfbane her. Kulturlivet er rikt og variert, med Vossa Jazz og Osafestival, og det er god offentleg kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo. Voss har elles eit godt utbygd skuletilbod med vidaredaregåande skular med både studieførebuande og yrkesretta utdanningsprogram.