Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar/ barnehageassistent som tilkallingsvikar @ HELSE BERGEN HF VOGNSTØLEN BARNEHAGE

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søker deg som trivst å jobbe med barn og praktiske oppgåver. Du ønsker å gjere kvardagen til barna i barnehagen trygg og stabil. Ved å tilsette eigne vikarar, ønsker vi at barna i barnehagane våre i størst mogleg grad skal treffe tilsette som dei kjenner, og som er motivert til å jobbe med barna si utvikling og læring. Helse Bergen har eit eige Bemanningssenter som leverer eigne vikarar, både innan helsetenester og driftstekniske tenester. * Bemanningssenteret søker etter tilkallingsvikarar som barne- og ungdomsarbeidar/ barnehageassistent til sporadiske vakter ved alle fire barnehagane i Helse Bergen Den som blir tilsett må pårekne vakter med ulike start- og sluttider. Tidlegaste start er 06.45 og seinaste slutt er 17.00. Vi ser etter deg som likar varierte arbeidsoppgåver og har erfaring frå barnehage. Vi søker deg som set store krav til deg sjølv når det gjeld kvalitet i arbeidet. Samhandling med tilsette og barn krev gode norskkunnskapar og gode kommunikasjonsevner. Oppstart i stillinga vil vere frå snarast. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen. Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30. Arbeidsoppgåver Arbeid som barnehageassistent i alle dei fire barnehagane våre Bidra til at barna får god omsorg, læring og utvikling Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift i dei ulike avdelingane i barnehagen Følge den daglege rytmen til dei ulike avdelingane i barnehagen Arbeid både på små- og storbarnsavdelingar Kvalifikasjonar Erfaring frå barnehage Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg God kunnskap om hygiene Personlege eigenskapar Sjølvstendig og fleksibel - like omskiftande arbeidsstader Meistre varierte arbeidsoppgåver Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø Evne å sette deg inn i dei ulike barnehagane sine rutinar og planar Vise initiativ og ha evne til å sjå kva som må gjerast Like å treffe nye kollegaer, barn og foreldre Helse til fysisk krevande arbeid Bidra til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Utfordrande arbeidsoppgåver i gode fagmiljø med hyggelege kollegaer God opplæring Lønn etter gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonCathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755, [email protected] ArbeidsstadJonas Lies vei 59 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5125763044 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 06.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores