Now hiring

Tannhelsesekretær @ Employer

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Åsane tannklinikk søkjer tannhelsesekretær til 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå 01.09.26 Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland. Åsane tannklinikk har 10 behandlingsrom og til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). Arbeidsoppgåver Som tannhelsesekretær hos oss vil du mellom anna: utføre klinisk assistanse ved tannbehandling utføre røntgentaking ha ansvar for oppdekking, etterfylling av instrument og materialer ha ansvar for reinhald, sterilisering og vedlikehald av utstyr halde deg fagleg oppdatert og følgje gjeldande lover, retningsliner og rutiner jobbe med ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling. Kvalifikasjonar Du har norsk autorisasjon som tannhelsesekretær. Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg. Det er ønskjeleg at du har tidlegare klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste, og bruk av journalsystemet Opus. Du som blir tilsett må ha godkjend politiattest. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar kan arbeide sjølvstendig, strukturert og meistrar travle dagar er positiv og serviceinnstilt bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken har interesse for fagleg utvikling – og deler kunnskapen din med andre Vi tilbyr ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse løn etter gjeldande tariff gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar. KontaktinformasjonMartine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar , 90036717, [email protected] ArbeidsstadÅsane Senter 52 5116 Ulset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5149397569 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 19.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores