About this role
Vil du vere med og leggje til rette for gode tenester til barn, unge og familiar? HAFS barnevernteneste har ledig eit 100 % vikariat som merkantil koordinator. Vi ser etter deg som likar å skape struktur, koordinere oppgåver og vere ein viktig støtte for både leiing og tilsette. Som merkantil koordinator har du ei nøkkelrolle i den daglege drifta. Gjennom administrasjon, dokumentforvaltning, økonomi og koordinering bidreg du til gode arbeidsprosessar, slik at fagtilsette kan konsentrere seg om oppfølging av barn, unge og familiar. HAFS barnevernteneste er ei teneste i utvikling, organisert under helse og omsorg, der samarbeid, kvalitet og fagleg utvikling står sentralt. Vi ønskjer medarbeidarar som vil vere med å utvikle gode tenester for barn, unge og familiar. Du vil mellom anna arbeide med: vere administrativ støtte for leiing og tilsette koordinere administrative oppgåver og sikre gode arbeidsprosessar behandle innsynsbegjæringar journalføre og dokumentere i fagsystem følgje opp økonomi og fakturabehandling planleggje møte, reiser og annan praktisk logistikk gi administrativ rådgiving og støtte i ulike prosessar samarbeide med ulike faggrupper og einingar bidra til utvikling og forbetring av rutinar, prosedyrar og arbeidsprosessar Kvalifikasjonar Krav treårig høgare utdanning innan økonomi og administrasjon, helse- og sosialfag eller pedagogikk Søkjarar med anna relevant utdanning eller erfaring kan og bli vurderte. gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg gode digitale ferdigheiter førarkort klasse B Det er ein fordel om du har grunnleggande engelskkunnskapar erfaring frå offentleg forvaltning eller administrasjon erfaring med sak- og arkivsystem eller økonomisystem Den som vert tilsett må leggje fram godkjend politiattest. Kven ser vi etter? Vi ser etter deg som tek ansvar, arbeider strukturert og trivst i ein variert arbeidskvardag. Du samarbeider godt med andre, kommuniserer tydeleg og møter både kollegaer og samarbeidspartnarar på ein serviceorientert og profesjonell måte. Du er fleksibel, løysingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr Hos oss får du: ein variert og meiningsfull arbeidskvardag høve til fagleg utvikling og kompetanseheving eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø rettleiing og god oppfølging løn etter tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget. Velkomen som søkjar! Offentleg søkjarliste Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje ligg føre særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekkje søknaden før søkjarlista vert gjort offentleg. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: HAFS barnevernteneste er ei teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi har ti stillingar med kontorstad på Fjalerhuset, Dale i Sunnfjord.