About this role
I Ørsta kommune er det ledig eit vikariat som fastlege ved Ørsta helsesenter i perioden 04.08.2026 - 01.07.2027. Listetak på 650. Det er ein fordel om du kan vere vikar i heile perioden, men vi vil også vurdere søknadar som ikkje dekker heile perioden og også seinare oppstart enn 04.08.26. Ørsta helsesenter er eit aksjedrive praksisfellesskap som har samarbeidsavtale med kommunen. Vi held til i nye, moderne lokale i Ørsta sentrum. Det er eit godt fagleg og sosialt miljø ved legesenteret, med fast møtestruktur for fagleg utvikling. Andre kommunale helsetenester er lokalisert i same bygg.Legesenteret har 15 fastlegeheimlar og to stillingar for LIS 1. Det er ei fleire erfarne legar på legesenteret som har jobba her lenge, noko som har gitt eit godt og stabilt miljø. Det same gjeld hjelpepersonellet. Alle desse legane er spesialistar i allmennmedisin. I tillegg er her fleire ALIS-legar. Dersom det er aktuelt for deg, vil du få tilbod om ALIS-avtale.Vilkår for drift av praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar som regulerer fastlegeordninga. Det er ein fordel om du ønsker å vere næringsdrivade fastlegevikar, men fast løn kan også vurderast.Per i dag er det ikkje knytt kommunale allmennlegeoppgåver til heimelen. Legesenteret har både LIS1- og ALIS-legar og du må rekne med å delta i rettleiing og supervisjon av desse. Du må også rekne med å kunne få andre oppgåver dersom kommunen ser behov for det. Kommunen har eigne sjukeheims- og helsestasjonslegar, og vi har kommuneoverlege i 100 % stillingLegevakt på dagtid (8.00-15.30) er organisert på legesenteret. Utanfor vanleg opningstid er legevakt lokalisert i nye, gode lokale i Hovdebygda. Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid, der det alltid er sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna. Det er mange legar som deler på vaktene, så vaktbelastninga er ikkje stor.