About this role
Psykiatrisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus søker dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar til faste nattstillingar.Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum.Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!Det er ledig følgande stillingar på natt i Psykiatrisk klinikk. * Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 har ledig 50-80% fast stilling på natt, pt kvar 3. helg* Avdelins Spesialisert psykose, Seksjon S5 har ledig 80-100% fast stilling på natt, p.t kvar 3. helg med turnus på natt* Psykiatrisk akuttmottak, PAM1 har ledig 80-100% fast stilling på natt, pt kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke* Avdeling Alderspsykiatri har ledig 50% fast stilling som sjukepleiar på natt, pt kvar 3. helg* Lokal sikkerheitspost (LS): har ledig 70-100% fast stilling på natt, pt 4. kvar helg med langvakter på helg. Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.Oppgi gjerne i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.