About this role
Vil du arbeide med menneske, tru og fellesskap i ei levande kyrkje? Nord-Fron kyrkjelege fellesråd lyser no ut ei spennande og meiningsfull stilling som kombinerer diakoni og kyrkjeleg undervisning. Stillinga er delt, 50 % er diakon og 50 % er kyrkjelydspedagog. Vi ønskjer oss ein engasjert medarbeidar som vil vere med og utvikle kyrkjelydslivet i dei fire sokna Kvam, Kvikne, Skåbu og Sødorp. Fellesrådet har vedtekne planar for både diakoni og kyrkjeleg undervisning og læring i dei fire sokna. Planarbeid og evaluering av tiltaka er ein naturleg del av stillinga.