Now hiring

Brannforebyggar @ Ørsta kommune

ØrstaOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bidra til eit tryggare lokalsamfunn? Ørsta brann og redning har, frå 01.08.26, ledig stilling som brannforebyggar i Ørsta kommune.Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt brannførebyggjar (feiar) som ønskjer å arbeide med førebygging av brann og auka tryggleik for innbyggjarane våre.Ørsta kommune har etter forskrift om brannførebygging § 17 ansvar for å sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Som brannførebyggjar er du ein viktig del av kommunen sitt lovpålagde brannførebyggjande arbeid og bidreg til å sikre branntryggleiken i kommunen.Stillinga gir deg ein variert arbeidskvardag der du møter innbyggjarar i alle aldrar gjennom tilsyn, feiing og informasjon om branntryggleik. Gjennom fagleg rettleiing og god dialog bidreg du til å førebyggje brann, auke kunnskapen om branntryggleik og skape tryggleik for innbyggjarane våre. Som brannførebyggjar får du ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleiken.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores