About this role
Tør du vere den som gjer forskjellen mellom håp og jobb?Tenk deg ein jobb der du kvar dag får vere med på å endre livet til menneske. Der du hjelper nokon å sjå moglegheiter dei ikkje trudde fanst, opnar dører til arbeidslivet og byggjer sterke relasjonar med arbeidsgivarar som vil gi folk ein sjanse. I Nav Kinn søkjer vi no ein engasjert jobbspesialist som ønskjer meir enn ein vanleg kontorjobb. Vi ser etter deg som trivst ute blant folk, som er nysgjerrig på kva som motiverer menneske, og som får energi av å skape resultat saman med andre.Du treng ikkje nødvendigvis å kjenne Nav så godt, kanskje arbeider du med oppfølging, rekruttering, undervisning, rådgjeving, praktisk arbeid, helse, kundearbeid eller leiing? Kanskje er du den kollegaen andre går til når dei treng råd, motivasjon eller støtte? Då kan dette vere neste steg for deg.Som jobbspesialist blir du ein del av eit fagleg sterkt team som hjelper menneske med å finne, få og behalde arbeid. Du får stor grad av sjølvstende, høve til å bygge nettverk i næringslivet og moglegheita til å utgjere ein reell forskjell for enkeltmenneske og samfunnet. Teamet vårt jobbar på tvers av Florø/Førde og omegn og du vil jobbe 50/50 i begge områda - så ein del reising og lokalkjennskap garanterer vi!Kvifor velje denne jobben?✅ du får hjelpe menneske inn i arbeid og meistring✅ variert kvardag med mykje kontakt med menneske og arbeidsliv✅ stor grad av fridom og sjølvstende✅ fagleg utvikling innan ein dokumentert metode som gir resultat✅ fleksitid, heimekontor og trening i arbeidstida✅ godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte kollegaer