About this role
Vi søkjer deg som vil ha faglege utfordringar og trivst med å jobbe sjølvstendig i ein variert og hektisk kvardag. Hos oss får du dyktige og engasjerte kollegaer som jobbar målretta for å gi individuell pleie og omsorg med høg fagleg kvalitet. I heimetenesta møter du mange ulike brukarar med ulike samansette helseutfordringar. Vi har fokus på å styrke brukarane sine eigne ressursar for at dei kan leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen heim. Ynskjer du ei stilling som kreftkoordinator med ordinære sjukepleiaroppgåve i tillegg?Vidareutdanning innan kreftsjukepleie eller anna relevant fagkrins vil vere ein fordel då det til stillingane vil vere tillagt oppgåver som kreftkoordinator. Du må også ha evne til administrativt arbeid. Heimetenesta i sentrum har ledig 2 x 100 % fast stilling for sjukepleiar. Til desse stillingane vil det verte lagt oppgåver som kreftkordinator. Stillingane vil etter kvart også kunne verte ein del av eit større sjukepleiarteam. Vi satsar på di utvikling ! Du får nødvendig fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom e-læring, kurs og fagdagar. Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året.Vi søkjer etter ein medarbeidar med engasjement, godt humør og vilje til å bidra til vårt gode fellesskap - og til å vidareutvikle ei bærekraftig teneste for framtida.