About this role
Om stillinga Er du helsefagarbeidar og lurer på om heimetenesta i Sveio kan vere noko for deg? Vert du motivert av varierte arbeidsoppgåver og spennande kvardagar, og trivst du med å utfordre deg sjølv og stadig lære noko nytt? Då kan du bli ein del av ei arbeidsgruppe som brenn for å sjå den enkelte pasienten. Me søkjer etter deg som ønskjer å utgjere ein forskjell i andre menneske sine liv, og som har høg yrkesstoltheit og arbeider etter kvardagsrehabiliteringsprinsipp, men som òg er medviten om å gje menneske ein verdig slutt på livet. I tillegg til ein variert og meiningsfull arbeidskvardag får du dei kjekkaste kollegaene med det beste humøret på Haugalandet. Me er kjende for å ha det kjekt på jobb, kose oss når me har høve til det, men òg strekkje oss langt for å hjelpe kvarandre når det trengst. Me har ledig eit vikariat i 95 % frå dags dato til og med 15.08.2027 Arbeidsoppgåver Varierte oppgåver og stor breidde i behandlinga Vere ein pådrivar for å leggje til rette for, og bidra til, at brukarane opplever tryggleik og meistring Gje heilskapleg omsorg, inkludert personleg hygiene, påkleding, forflytting og trening Setje i verk førebyggjande og behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde Planleggje og gjennomføre målretta tiltak og aktivitetar for å fremje pasienten si meistringskjensle og livskvalitet Bruke elektronisk pasientjournal og dokumentere forhold ved pasienten og kva helsehjelp som blir gjeven Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Erfaring frå arbeid i heimetenesta er ønskjeleg Tilfredsstillande politiattest i tråd med gjeldande lovverk Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, les og skriv så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig Personlege eigenskapar Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team Er lojal, punktleg og pliktoppfyllande Har fokus på kvalitet i tenesta Har gode haldningar og verdiar som set pasientane i sentrum Er fleksibel og løysingsorientert Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og studentar Vi tilbyr Faste fagdagar og fagmøte Årsturnus over 52 veker med planlagd ferie, høgtid og helgearbeid Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø God offentleg pensjonsordning Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Kommunale bilar Bedriftshelseteneste Gode forsikrings- og pensjonsordningar Om arbeidsgiveren: Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.