Now hiring

Jobbspesialist @ NAV KINN AVD FLORØ

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Tør du vere den som gjer forskjellen mellom håp og jobb? Tenk deg ein jobb der du kvar dag får vere med på å endre livet til menneske. Der du hjelper nokon å sjå moglegheiter dei ikkje trudde fanst, opnar dører til arbeidslivet og byggjer sterke relasjonar med arbeidsgivarar som vil gi folk ein sjanse. I Nav Kinn søkjer vi no ein engasjert jobbspesialist som ønskjer meir enn ein vanleg kontorjobb. Vi ser etter deg som trivst ute blant folk, som er nysgjerrig på kva som motiverer menneske, og som får energi av å skape resultat saman med andre. Du treng ikkje nødvendigvis å kjenne Nav så godt, kanskje arbeider du med oppfølging, rekruttering, undervisning, rådgjeving, praktisk arbeid, helse, kundearbeid eller leiing? Kanskje er du den kollegaen andre går til når dei treng råd, motivasjon eller støtte? Då kan dette vere neste steg for deg. Som jobbspesialist blir du ein del av eit fagleg sterkt team som hjelper menneske med å finne, få og behalde arbeid. Du får stor grad av sjølvstende, høve til å bygge nettverk i næringslivet og moglegheita til å utgjere ein reell forskjell for enkeltmenneske og samfunnet. Teamet vårt jobbar på tvers av Florø/Førde og omegn og du vil jobbe 50/50 i begge områda - så ein del reising og lokalkjennskap garanterer vi! Kvifor velje denne jobben? ✅ du får hjelpe menneske inn i arbeid og meistring ✅ variert kvardag med mykje kontakt med menneske og arbeidsliv ✅ stor grad av fridom og sjølvstende ✅ fagleg utvikling innan ein dokumentert metode som gir resultat ✅ fleksitid, heimekontor og trening i arbeidstida ✅ godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte kollegaer Kva går jobben ut på? kartlegge ressursar, interesser og jobbønske hos arbeidssøkjarar følge opp deltakarar ved Nav Kinn og Nav SYS på vegen mot arbeid, og gi nødvendig støtte på arbeidsplassen bygge nettverk og samarbeide tett med arbeidsgivarar i regionen samarbeide med aktuelle samarbeidspartnarar ha ansvar for eiga portefølje, dokumentasjon og rapportering i Nav sine fagsystem arbeide etter metodikken Supported Employment (SE) bidra til måloppnåing og gode resultat når det gjeld overgang til arbeid Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet. erfaring frå rettleiing, motivasjon eller oppfølgingsarbeid førarkort klasse B gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk Det er ein fordel om du har kjennskap til arbeidsmarknaden og lokalt næringsliv erfaring med metodikken Supported Employment (SE) Kva ser vi etter hos deg? du trur på at alle menneske, uavhengig av utfordringar, kan få og behalde ein ordinær jobb du er god til å bygge relasjonar og kommunisere med ulike menneske du er resultatorientert og samstundes oppteken av kvalitet i oppfølginga du trivst med oppsøkande arbeid og samarbeid med arbeidsgivarar du er sjølvstendig, strukturert og tek ansvar for eiga portefølje Kvifor velje oss spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer relevant opplæring og gode høve til utvikling fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse statleg tilsetjing i stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr 639 000–660 000 per år. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Les meir om Nav som arbeidsgivar KontaktinformasjonLene Ullaland Veka, Avdelingsleiiar, 41377182, [email protected] ArbeidsstedHans Blomgate 39 6900 Florø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5158502717 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.08.2026 Om arbeidsgiveren: Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester. Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit. Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne. Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. NAVstilling

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores