About this role
I Ørsta kommune er det ledig eit vikariat som fastlege ved Ørsta helsesenter i perioden 04.08.2026 - 01.07.2027. Listetak på 650. Det er ein fordel om du kan vere vikar i heile perioden, men vi vil også vurdere søknadar som ikkje dekker heile perioden og også seinare oppstart enn 04.08.26. Ørsta helsesenter er eit aksjedrive praksisfellesskap som har samarbeidsavtale med kommunen. Vi held til i nye, moderne lokale i Ørsta sentrum. Det er eit godt fagleg og sosialt miljø ved legesenteret, med fast møtestruktur for fagleg utvikling. Andre kommunale helsetenester er lokalisert i same bygg. Legesenteret har 15 fastlegeheimlar og to stillingar for LIS 1. Det er ei fleire erfarne legar på legesenteret som har jobba her lenge, noko som har gitt eit godt og stabilt miljø. Det same gjeld hjelpepersonellet. Alle desse legane er spesialistar i allmennmedisin. I tillegg er her fleire ALIS-legar. Dersom det er aktuelt for deg, vil du få tilbod om ALIS-avtale. Vilkår for drift av praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar som regulerer fastlegeordninga. Det er ein fordel om du ønsker å vere næringsdrivade fastlegevikar, men fast løn kan også vurderast. Per i dag er det ikkje knytt kommunale allmennlegeoppgåver til heimelen. Legesenteret har både LIS1- og ALIS-legar og du må rekne med å delta i rettleiing og supervisjon av desse. Du må også rekne med å kunne få andre oppgåver dersom kommunen ser behov for det. Kommunen har eigne sjukeheims- og helsestasjonslegar, og vi har kommuneoverlege i 100 % stilling Legevakt på dagtid (8.00-15.30) er organisert på legesenteret. Utanfor vanleg opningstid er legevakt lokalisert i nye, gode lokale i Hovdebygda. Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid, der det alltid er sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna. Det er mange legar som deler på vaktene, så vaktbelastninga er ikkje stor. Arbeidsoppgåver Fastlegeoppgåver i samsvar med lov- og avtaleverk. Dette inkluderer deltaking i legevakt i samsvar med fastlegeforskrifta ved behov, kommunale allmennlegeoppgåver i samsvar med fastlegeforskrifta §33 Kvalifikasjonar Du må oppfylle krava i Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg ha førarkort klasse B legge fram politiattest av nyare dato før oppstart Dersom du ikkje er spesialist i allmennmedisin vil du få tilbod om ALIS-avtale Personlege eigenskapar Vi ser etter ein lege som er fagleg engasjert og ønsker å vere med på å utvikle fastlegetenesta i kommunen samarbeider godt både internt og eksternt ønsker å bidra i det kollegiale fellesskapet på legekontoret er opptatt av å skape gode pasientmøte ser verdien av tverrfagleg samarbeid synest det er spanande med variasjon og fart i allmennpraksis tek ansvar for pasientlista si, og taklar tempoet dette tidvis krev Vi tilbyr nye og trivelige lokalitetar ALIS-avtale godt kollegialt fellesskap både fagleg og sosialt ei god blanding av erfarne og nye fastlegar ny og moderne legevakt på kveld, helg og natt god avtale som næringsdrivande lege KontaktinformasjonHege Axe Øvsteng, Dagleg leiar Ørsta Legesenter AS, 48236929, [email protected] Runa Bakke, Tenesteleiar, 91621147, [email protected] ArbeidsstadDalevegen 28A 6153 ØRSTA Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune Referansenr.: 5158019473 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 17.08.2026 Om arbeidsgiveren: Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen. Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar: Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap Heiltidskultur og inkludering Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.