Now hiring

Diakon og kyrkjelydspedagog (100 % fast stilling) @ NORD-FRON KIRKELIGE FELLESRÅD KIRKEGÅRDSDRIFT

NO020, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du arbeide med menneske, tru og fellesskap i ei levande kyrkje? Nord-Fron kyrkjelege fellesråd lyser no ut ei spennande og meiningsfull stilling som kombinerer diakoni og kyrkjeleg undervisning. Stillinga er delt, 50 % er diakon og 50 % er kyrkjelydspedagog. Vi ønskjer oss ein engasjert medarbeidar som vil vere med og utvikle kyrkjelydslivet i dei fire sokna Kvam, Kvikne, Skåbu og Sødorp. Fellesrådet har vedtekne planar for både diakoni og kyrkjeleg undervisning og læring i dei fire sokna. Planarbeid og evaluering av tiltaka er ein naturleg del av stillinga. Arbeidsoppgåver Som diakon vil du: leie og utvikle kyrkjelyden si diakoniteneste. arbeide førebyggjande og oppsøkjande overfor menneske som treng støtte og omsorg bidra til å styrkje fellesskap og diakonal haldning i kyrkja og lokalsamfunnet. rekruttere, rettleie og følgje opp frivillige i det diakonale arbeidet. delta i sorgarbeid og sjelesorg. medverke i gudstenester og kyrkjelege handlingar halde andaktar ved Sundheim bu- og treningssenter. dersom du har eit positivt forhold til song og musikk, er det ein fordel, men ikkje eit krav Som kyrkjelydspedagog vil du: vere ein pådrivar i kyrkjeleg undervisning og læring for barn og unge (0–18 år) vere med i konfirmantarbeidet. planleggje og gjennomføre undervisning og tiltak i tråd plan for kyrkjeleg undervisning og læring. bidra til at barn, unge og familiar deltek aktivt i kyrkjelyden samarbeide med barnehagar, skular og andre samarbeidspartnarar, samt rekruttere og følgje opp frivillige medarbeidarar Kvalifikasjonar Søkjarar må være medlem av Den norske kyrkja Godkjend utdanning som diakon og/eller pedagog (eller anna relevant utdanning). Utdanning som diakon i samsvar med «Tenesteordning med kvalifikasjonskrav for diakonar», vedteken av Den norske kyrkja. Søkjarar med anna relevant utdanning blir også oppmoda om å søkje, og kan tilsetjast som diakonimedarbeidar inntil kvalifikasjonskrava for diakon er oppfylte. I slike tilfelle vil det bli lagt til rette for å gjennomføre nødvendig utdanning innan avtalt tidspunkt. Erfaring frå helse- og sosialfagleg arbeid, frivillig arbeid og/eller kyrkjeleg verksemd er ønskjeleg. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og motivasjon for å arbeide tverrfagleg. Evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med stab, frivillige og samarbeidspartnarar Engasjement for kyrkja sitt arbeid og oppdrag Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt Gode digitale ferdigheiter. Du må ha førarkort og tilgang til eigen bil Vi tilbyr ei variert og meiningsfull stilling eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer høve til å vere med og forme og utvikle arbeidet spennande arbeidsoppgåver som gir den gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling arbeidstid i samsvar med gjeldende avtaleverk, med noko kvelds- og helgearbeid løn etter gjeldande tariffavtale (KA) og pensjonsordning i KLP. tilsetjing hos en viktig samfunnsaktør i utvikling Tilsetjing Tilsetjing skjer i Nord-Fron kyrkjelege fellesråd. Stillinga har kyrkjeverja som næraste leiar, og arbeidet skjer i samarbeid med prestane og resten av staben. Det må leggjast fram politiattest (barneomsorgsattest). KontaktinformasjonMorten Hagen, Kyrkjeverje, 975 36 584 ArbeidsstedNedregata 54 2640 Vinstra Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nord-Fron kyrkjelege fellesråd Referansenr.: 5158878703 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 24.08.2026 Om arbeidsgiveren: null

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores