Now hiring

Kontaktperson @ BARNEVERNSSAMARBEIDET I VEST- TELEMARK

NO094, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønskjer du å bidra til ein tryggare og betre kvardag for barn og familiar? Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark søkjer ein engasjert kontaktperson som vil vere med og skape positive endringar i barn sine oppvekstvilkår. Vi er ei innovativ og framtidsretta teneste med høg fagleg kompetanse, der samarbeid, openheit og løysingsorientert arbeid står sentralt. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med fokus på fl eksibilitet, samhald og fagleg utvikling. Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er ei interkommunal teneste som omfattar kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Kviteseid er vertskommune, og hovudkontoret ligg i gode og tilrettelagde lokale der. I tillegg har vi kontorplassar i dei andre kommunane. ArbeidsoppgåverSaksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova  Saksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova  Samarbeid med andre instansar for å sikre heilskaplege og gode tenester  Aktiv deltaking i faglege drøftingar og kompetanseutviklingKvalifikasjonar Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, gjerne med relevant vidareutdanning. Anna relevant utdanning kan vurderast  God barnevernfagleg kompetanse og erfaring er ein fordel  Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg  Evne til å nytte digitale verktøy på ein effektiv måte  Førarkort klasse BPersonlege eigenskapar Vi ser etter deg som:  Er trygg, raus og robust  Har evne til å motivere og inspirere  Er ein god lagspelar med gode samarbeidsevner  Arbeider systematisk og målretta  Evnar å strukturere eigen arbeidskvardag og sikre framdrift  Likar å samarbeide med andre kommunale tenester og dele kunnskap  Kan handtere krevjande og pressa situasjonar  Er fl eksibel og løysingsorientert Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr Ein spanande og meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell  Høgt fagleg nivå med fokus på utvikling og kompetansebygging  God opplæring og rettleiing  Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer  Regelmessig oppfølging frå teamleiar  Sak- og prosessrettleiing i gruppe med psykolog  Løn og vilkår  Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.KontaktinformasjonGunn Annie Hellestad, Leiar Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark, +47 90 76 69 07 ArbeidsstadGranlivegen 1 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5147145182 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er eit robust og utviklingsorientert fagmiljø som arbeider for å gi barn, unge og familiar rett hjelp til rett tid. Vi satsar på fagutvikling, innovasjon og arbeidsmåtar som styrkjer kvaliteten i tenestene våre. Gjennom eit unikt og forpliktande samarbeid med barneverntenestene i Midt- og Aust-Telemark utviklar vi felles løysingar, deler spesialisert kompetanse og byggjer sterke fagmiljø som gjer oss betre rusta til å møte framtidas behov i barnevernet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores