Now hiring

Helsefagarbeider @ HERØY KOMMUNE HEIMETENESTER YTRE

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Heimetenesta i Herøy søkjer ein engasjert helsefagarbeidar som vil vere med på å sikre gode tenester til innbyggerane. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der fagleg kvalitet, gode relasjonar og samarbeid står i sentrum. Du blir ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der vi støttar kvarandre og jobbar saman for å gi gode tenester. Det passa for deg som trivst med å arbeide sjølvstendig, møte menneske der dei bur, og ferdast rundt i det vakre landskapet i Herøy kommune. Heimetenesta i Herøy har no ledig eit 80 % vikariat som helsefagarbeidar, for tida i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Arbeidsoppgåver yte helsetenester til heimebuande eldre og sjuke (til dømes personleg hygiene, ernæring og legemiddelhandtering) nytte velferdsteknologi som tryggleiksalarm og elektronisk medisindispenser for legemiddelhandtering utarbeide og følge opp tiltaksplanar dokumentasjon etter gjeldande lovverk arbeide i stor grad sjølvstendig og samarbeide med anna helsepersonell rettleie og samarbeide med pasientar og pårørande bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald etter kompetanse for å kvalitetssikre tenesta Kvalifikasjonar norsk autorisasjon som helsefagarbeidar (eller er i utdanningsforløp) erfaring frå arbeid i heimetenesta (ein fordel) gode datakunnskapar (erfaring med Gerica er ein fordel) kurs i legemiddelhandtering (kurs kan og takast eller fornyast ved tilsetting) gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk førarkort klasse B Vi har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting. Personlege eigenskapar tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utførte på ein god måte tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt møte pasientar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver har fokus på heilskaplege pasientforløp likar å køyre bil i arbeidet gjennom ulike årstider Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring. Vi tilbyr godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse, samhald og inkludering med gode kollegaer fagleg dyktige kollegaer, ein lærerik og variert arbeidsstad løn etter gjeldande tariffavtale pensjon og forsikringsordning gjennom KLP fagdag i turnus elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og omsorg Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort. KontaktinformasjonMaria Kristin Kvalsvik, Seksjonsleiar, +47 99210059 ArbeidsstadSjukeheimsvegen 5 6092 FOSNAVÅG Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5129617013 Stillingsprosent: 80% Vikar Startdato: 14.09.2026 Søknadsfrist: 13.08.2026 Om arbeidsgiveren: Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske. Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time. Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores