Now hiring

Fysioterapeut @ ERGO- OG FYSIOTERAPITENESTA LEIKANGER

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Det er ledig 100% vikariat som fysioterapeut frå 1.8.26-20.4.27 i Sogndal kommune ved tenesteeining fysio-, ergoterapi og frisklivssentralen. Arbeidsoppgåver: I stillinga treng me nokon som er trygg på å leie gruppetimar, gjerne både i sal og basseng. Stillinga er også retta mot behandling og rehabilitering av vaksne og eldre personar på helsesenteret, heime og i institusjon. Helsesamtalar og andre oppgåver gjennom frisklivssentralen kan bli aktuelt. Arbeidsoppgåver kan bli endra ut ifrå endra behov i tenesta. Sentrale ansvarsområde: Leiing av gruppetimar Sjølvstendig arbeid med pasientar og frisklivsdeltakarar. Samarbeid med kollega og andre faggrupper Kvalifikasjonar: Offentleg godkjent fysioterapeut. Godkjend politiattest Du må vere trygg på å leie gruppetimar. Erfaring frå kommunehelsetenesta, førebyggjande arbeid og pasientbehandling er ønskjeleg. Førarkort klasse B er eit krav, å kunne nytta eigen bil er ein fordel Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting Personlege eigenskapar: God evne til sjølvstendig arbeid og tverrfagleg samarbeid Evne til å motivere og skape engasjement God rolleforståing og arbeidskapasitet Fleksibel og løysningsorientert Påliteleg og lojal Gjennomføringsevne Utviklingsorientert God kommunikasjonsevne Systematisk og strukturert Gode sosiale eigenskapar Me tilbyr: Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar Gode velferdsordningar Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores