Now hiring

Sjukepleiar? Bli en del av teamet ved Hjartepost og MIO @ HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du interesse for hjartepasientar, avansert overvaking og akuttmedisin? Vi har ledig ein 100 % fast stilling som sjukepleiar i 3-delt turnus, med oppstart 1.9 eller etter avtale. Hjarteposten og MIO er ein del av Hjarte- og lungeseksjonen og består av ein kardiologisk sengepost og ei medisinsk intermediær overvaking (MIO). Per i dag er det 9 senger på Hjarteposten og 6 senger på MIO. Hos oss møter du eit spennande pasientgrunnlag med behov for både basal og avansert behandling. Vi behandlar pasientar med hjartesjukdommar som akutt/trugande hjarteinfarkt, arytmiproblematikk, dei som har behov for pacemaker, har hjartesvikt og andre hjartelidingar. Vi tek oss av pasientar som treng overvaking, pasientar med sepsis, ketoacidose, forgifting, hjerneinfarkt, arytmi, elektrolyttforstyrringar og respirasjonsproblem som krev non-invasiv respirasjonsstøtte. MIO bemannar også sjukehuset sin scop-/telemetrisentral, og scopvakta er ein del av hjartestans-teamet. Her får du jobbe i team - ulike yrkesgrupper samarbeider tett for å gi best mogleg kvalitet i pasientbehandlinga. Kvalitet og læring står sentralt. VI har eigne fasilitatorar som sikrar årlege AHLR-simuleringar, i tillegg til vekentlege simuleringar knytt til NEWS og akutte situasjonar. Hjartepoliklinikken vår har høg aktivitet - om lag 8000 årlege konsultasjonar. Her arbeider dedikerte sjukepleiarar, fleire spesialiserte innan fagområde som hjartesvikt, arytmi og pacemaker. ✨ Bli med på laget vårt – søk no! Avdelinga er i spennande utvikling – vi skal flytte inn i nyoppussa lokale og byggje opp eit sterkt og samkøyrt tilbod saman. No ser vi etter ein sjukepleiar som vil vere med å skape ein trygg, fagleg sterk og varm Hjartepost/MIO for pasientane våre. Kva går jobben ut på? Utgreiing, behandling, overvaking og pleie av pasientar Iverksetjing av sjukepleietiltak Medikamenthandtering Bruk av medisinsk teknisk utstyr Samarbeid med kommunar Oppfølging av pårørande Veiledning av studentar og kollegaer Tverrfagleg samarbeid Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Relevant sjukehuserfaring er ein fordel. Kjennskap til hjartepasientar og akutt kritisk sjuke. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: trivs med å arbeide med mennesker er fagleg engasjert og interessert i faget bidrar til gode og trygge pasientforløp har evne til å motivere og engasjere kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer held deg roleg og objektiv i stressande eller krevande situasjoner tek ansvar for eigne oppgåver kan arbeide sjølvstendig og i team ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar blir vektlagt Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: Eit tilpassa opplæringsprogram - slik at du skal føle deg trygg og ivaretatt. Ein 12-månaders kalenderplan - gir deg involvering og god forutsigbarheit. God fagkompetanse - vi støttar relevante vidareutdanningar, innan kardiologi, intensiv og palliasjon. Fordypningsdagar, fagdagar og simuleringstreninger - kvart år. Kombinasjonsstillingar mellom Hjertepost, MIO og poliklinikk - for dei som ynsker det. Bli ein del av eit aktivt og positivt arbeidsmiljø - med flinke og gode kollegaer. Ein spennande, meiningsfull og utfordrande jobb. Dersom ønske om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden KontaktinformasjonAnna Flotve, Funksjonsleiar, 47645400, [email protected] ArbeidsstadKarmsundgaten 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5157243877 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores