Now hiring

Vil du vere med og sikre drift og vidareutvikling av eit moderne produksjonsanlegg? @ NORTURA SA AVD FØRDE

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

På Nortura sitt anlegg i Førde styrkjer vi no teknisk avdeling med ein ny teknikar. Her blir du ein del av eit solid fagmiljø med brei kompetanse og lang erfaring, der vi saman byggjer laget som skal møte framtidas utfordringar. Om teknisk avdeling Teknisk avdeling består av eit allsidig fagmiljø med høg kompetanse innan fleire fagområde. Her finn du mellom anna kjølemaskinistar, automasjonsteknikarar, industrimekanikarar, elektrikarar, røyrleggjarar og sveisarar. Kvardagen er variert og omfattar oppgåver innan drift, vedlikehald, feilsøking og forbetring av tekniske anlegg. Fabrikken har ei rullerande teknisk vaktordning, og vi legg til rette for kurs og vidareutdanning som bidreg til å styrkje den samla kompetansen i avdelinga. Arbeidsoppgåver Drift og vedlikehald av produksjonsutstyr og tekniske anlegg Feilsøking og reparasjon innan mekanikk og automasjon Deltaking i forbetringsarbeid og utviklingsprosjekt Tett samarbeid med produksjon og andre fagmiljø Vi ser etter deg som har Teknisk utdanning (fagbrev som industrimekanikar, automasjonsteknikar, bilmekanikar eller liknande) Erfaring med bruk av PC og digitale verktøy i arbeidssamanheng Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Serviceinnstilt haldning og gode samarbeidsevner Interesse for å lære nytt og utvikle deg fagleg Førarkort klasse B Vi kan tilby Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med kjekke kollegaer Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver Gode moglegheiter for fagleg utvikling Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår Gunstige pensjons- og forsikringsordningar Kantine og treningsrom Trygg arbeidsplass i ei framtidsretta verksemd Den som blir tilsett må gjennomføre konsernet sitt HMS- og hygieneopplæringskurs. Søknader vurderes fortløpende. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Nortura er en av Norges største matprodusenter, og Gilde og Prior er to av våre mest kjente merkevarer. Vi er bondens selskap; et samvirke eid av over 17.000 norske bønder over hele landet. I Nortura jobber vi hver dag for matglede, helse og bærekraft og er stolte over å bidra til at det blomstrer i norsk matproduksjon. Vi omsetter årlig for om lag 23 milliarder kroner og skaper store verdier for Norge. Nortura Førde er ei moderne næringsmiddelbedrift med om lag 100 tilsette. Anlegget driv med slakting av storfe, gris og småfe, og er Nortura sitt største skjereanlegg for småfe. I tillegg har vi ei stor ullavdeling. Vi arbeider etter Lean-metodikk, der kontinuerleg forbetring står sentralt for å sikre god dyrevelferd, HMS og effektiv drift.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores