Now hiring

Juridisk utgreiar @ GULATING LAGMANNSRETT BERGEN

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om oss Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann og er organisert i to dommaravdelingar, utgreiareining og administrasjon med sekretariat og fellestenester. Domstolen held til i moderne lokale i Bergen sentrum. Utgreiareininga skal vere ei fagleg sterk, effektiv og dynamisk eining, med stor vekt på eit godt arbeidsmiljø. Eininga har åtte utgreiarar og blir leia av ein lagmann og ein nestleiar. Om stillinga Gulating lagmannsrett har ledig ei fast stilling som juridisk utgreiar med tiltreding 1. oktober 2026. Frå same dato kan det òg bli ledig eit vikariat fram til 1. september 2027. Opplys i søknaden dersom du ønskjer å bli vurdert for begge stillingane. Arbeids- og ansvarsområde Den viktigaste oppgåva for utgreiarane er å skrive utkast til rettslege avgjerder i sivile saker for dommarane i lagmannsretten sitt ankeutval. Utgreiarane førebur, og skriv fullstendige utkast til avgjerd i saker frå ulike sivile rettsområde, og arbeider både med prosessuelle og materielle spørsmål. Arbeidet er variert og spennande, og gir god innsikt i prosessretten og i ei rekkje andre juridiske fagfelt. Kvalifikasjonar Stillinga krev særs gode juridiske kvalifikasjonar. Søkjarar må ha embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat. Arbeidet er i stor grad sjølvstendig og stiller krav til ei strukturert arbeidsform. Du må vere effektiv, og samtidig levere utkast av høg kvalitet til lagdommarane. Du må like å skrive, ha god skriftleg framstillingsevne og meistre begge målformer. Vi legg vekt på eit godt arbeidsmiljø, og gode samarbeidsevner er viktig for oss. Vi tilbyr God opplæring og systematisk oppfølging Gode ordningar for kunnskapsdeling og kompetansebygging Høve til fagleg fordjuping med stort fokus på kvalitet Sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med dyktige kollegaer God innsikt i arbeidet i lagmannsretten og i domstolssystemet elles Fleksibel arbeidstid, høve til heimekontor og trening i arbeidstida Eit godt arbeidsmiljø og moderne lokale Stillinga blir løna som rådgjevar (kode 1434) eller seniorrådgjevar (kode 1364) med årsløn frå kr 650 000,- til kr 800 000,-. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegle folkesamansetnaden generelt, òg når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Praksis som utgreiar er godkjent som praksis ved søknad om advokatløyve. Opplysningar om søkjaren kan bli offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd. Om arbeidsgiveren: Guri Elisabeth Molven, lagmann Telefon: 55 69 39 37 E-post: [email protected] Linn Tordal Halvorsen, nestleiar Telefon: 55 69 38 57 E-post: [email protected]

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores