Now hiring

Er du pedagog og vil jobba i ein ny og flott barnehage? @ TUETEIGEN BARNEHAGE

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fast stilling som pedagog søkjast til Granvin barnehage Tilsetjing vil skje fortløpande i perioden Om Granvin barnehage: Granvin barnehage er ein kommunal barnehage som opnar i nytt flott bygg, hausten 2026. Barnehagen får to avdelingar «Småtun» og «Stortun». Totalt er det 60 barn i barnehagen. I Granvin barnehage er me opptekne av å gje borna eit godt omsorgs- og læringsmiljø prega av leik og gode relasjonar. Borna skal oppleva trygge vaksne som er til stades og støttar borna si utforsking, og som rettleiar og støttar born ved behov. Barnehagen skal vera ein trygg, utforskande og kjekk stad som borna gler seg til kvar dag. Granvin barnehage søkjer engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn. Me legg vekt på at barna skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje barna Granvin barnehage ein god start på vegen vidare i livet. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at barna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar kvar dag. Frå 1.september har me ledig følgjande stilling: Fast stilling som pedagogisk leiar i 100% stilling Voss herad tilbyr: Rekrutteringstillegg kr 20 000 for barnehagelærar i 100% faste stilling ved fyrstegongs tilsetting i Voss herad. Årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad Pedagogisk leiar får kr 40 000 i tillegg ved 100 % stilling God ordning for etter – og vidareutdanning Ein kultur der me deler kunnskap og erfaringar med kvarandre Gode kollegaer og eit positivt miljø Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg Rettleiing for nytilsette/nyutdanna Gode forsikrings- og pensjonsordningar Løn etter kommunalt avtaleverk og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com) Kvalifikasjonar: Godkjend barnehagelærarutdanning Dei som vert tilsett må leggja fram godkjend politiattest. Arbeidsoppgåver: Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet. Utvikla og ivareta eit godt samarbeid med barn og foreldre/føresette Vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar. Førebu og gjennomføra startsamtalar og foreldresamtalar Syta for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø. Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø. Me ynskjer at: Barna skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje dei ein god barndom Du er engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn. Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg Du har fokus på barna sitt beste, evne og vilje til å samarbeid, og kan jobba sjølvstendig. Du er utviklingsorientert, engasjert, løysingsorientert og fleksibel Du bidreg til at barna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar kvar dag i vossabarnehagane. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores