Now hiring

Kokkestilling i Sævarhagen FUS barnehage @ SÆVARHAGEN FUS BARNEHAGE AS

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

I FUS har me høge ambisjonar for barnehagane våre. Sævarhagen FUS barnehage er ein barnehage med høgt fagleg fokus og godt arbeidsmiljø. Me ligg midt i eit fantastisk nærmiljø ved Hystadmarkjo på Stord, og er ein inkluderande og trygg møteplass der barn sin leik, utvikling og trivsel står i sentrum. Me jobbar etter FUS sine satsingsområde, med særleg fokus på prosjektarbeid knytta til nærmiljø og estetiske fag, leik, språk, relasjonar og livsmeistring. Mat og måltid er ein viktig del av kvardagen vår, og vi legg vekt på gode, sunne og inkluderande matopplevingar. Er du engasjert ? Tar du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte? Verdset du kunnskap ? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søker du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre? Er du reflektert? Er du medviten om di vaksenrolle og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjonar i eit heilskapsperspektiv og finn løysingar på utfordringar? Ja? Då er du kanskje den me ser etter! Kokken vår skal ut i permisjon og me søkjer difor ein engasjert og strukturert kokk i 100 % vikariat frå 01.10.26-14.08.27. Det kan bli aktuellt med tidlegare oppstart. Med utgangspunkt i nasjonale retningslinjer for mat i barnehagen får du vere med på å legge grunnlag for sunne måltider og gode matvanar hjå barna. Du vil få ansvar for planlegging av meny, innkjøp, tilbereding og reinhald knytta til gjennomføring av måltida i barnehagen.Gode rutinar for IK mat er inkludert i arbeidsoppgåvene. Søknadsfrist 15.08.2026. Kvifor velge oss: Me satsar på høg kvalitet og kompetanse i alle ledd Du blir ein del av eit stort nettverk med engasjerte kollegaer Du får vere med og påverke kvardagen til barna Du vert ein del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø Du får stor fridom under ansvar Du får løn og vilkår jfr FUS tariffavtale Arbeidsoppgåver: Planlegge og tilberede sunne, varierte og næringsrike måltid Følgje nasjonale retningslinjer for kosthald i barnehage Sikre eit likeverdig mattilbod til barn med særlege behov knytta til mat og måltider Handtere innkjøp og bestilling av varer Sikre gode rutinar innan hygiene og IK-mat Bidra til matglede og involvere barn i enkle aktivitetar Samarbeide tett med personalet i barnehagen, og bistå på avdeling ved behov Kvalifikasjonar Erfaring frå kjøkkenarbeid (fagbrev som kokk er ein fordel) Kunnskap om ernæring og mat for barn Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg God kompetanse om IK-mat og hygienekrav Me ønsker at: Du er glad i barn og ønskjer å bidra til eit godt oppvekstmiljø Du er strukturert, sjølvstendig og påliteleg Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert Du har fokus på kvalitet og matglede Du trivst med å samarbeide med andre Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidrar til eit inkluderande fellesskap. Tilsetjinga føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell tiltreding i stillinga. Om arbeidsgiveren: null

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores