About this role
Har du eit varmt hjarte for menneske i sårbare livssituasjonar, og ønskjer å bidra med tryggleik og god pleie på nattestid? Då kan du vere den nattevakta me ser etter ved avdelinga korttid og rehabilitering (KOR). Korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo Bu og helsesenter (BBH) har ledig stilling på natt for sjukepleiar eller vernepleiar. Stillinga inneber årsturnus med arbeid kvar 3. helg. KOR er ei aktiv og tverrfagleg avdeling med høg fagleg kompetanse og stor variasjon i pasientgruppa. Pasientane kjem frå sjukehus eller heimen for kortare eller lengre opphald, som kan vere kartlegging, rehabilitering, avlastning, korttidsopphald eller palliativ behandling. Avdelinga har 10 korttidsplassar, 5 rehabiliteringsplassar og 1 lindrande seng, og samarbeider tett med lege, heimeteneste, ergo- og fysioterapitenesta. Hos oss får du moglegheit til å jobbe i eit miljø der samarbeid, fagleg utvikling og pasientomsorg står i sentrum. Me har eit godt samarbeid med dei andre avdelingane ved BBH på natt. Sjølv om stillinga organisasjonsmessig er lagt under KOR, så må ein pårekne å arbeide på alle avdelingar på BBH. Arbeidsoppgåver Utføre heilskapeleg pleie, omsorg og medisinsk behandling. Oppfylging av pasientar og pårørande. Aktiv rehabilitering. Dokumentasjon i elektronisk journalsystem. Samarbeid med legevakt og andre behov. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. Kvalifikasjonar Bachelor i sjukepleie eller vernepleie. Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, og minimum ha bestått norskprøve på B2- nivå. Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting etter helse og omsorgstenestelova § 5.4. Personlege eigenskapar Du er trygg i rolla di og har evne til å arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivs med tett samarbeid i eit tverrfagleg team. Du er fleksibel, løysingsorientert og handterer ein variert arbeidskvardag med ro og struktur. Du er god til å vurdere situasjonar, ta ansvar og setje i verk nødvendige tiltak – også i krevjande situasjonar. Du har eit ekte engasjement for pasientane sine behov, og bidreg aktivt til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø. Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. Vi tilbyr Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd) Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben Andre opplysningar Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvalifiserte søkjarar om å søkje stilling uavhengig av bakgrunn. Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25. Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Isabel Knutsen. KontaktinformasjonIsabel Knutsen, Avdelingsleiar KOR, 909 34 641, [email protected] Chatrin Pedersen Risøy, Avdelingsleiar Natt/reinhald, 474 52 732, [email protected] ArbeidsstadLeirdalen 25 5430 Bremnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune Referansenr.: 5155198514 Stillingsprosent: 66,6% Fast Startdato: 01.11.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026 Om arbeidsgiveren: Berekraftige Bømlo er vår visjon! Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu. Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar. Pensjon I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt. Forsikring Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.