About this role
Vil du bli ein av dei engasjerte medarbeidarane våre og jobba i eit spennande team ? Vi søkjer sjukepleiar/ vernepleiar til vikariat stilling på natt Sundheimen. Om avdelinga Sundheimen er ein kommunal sjukeheim med tenester døgnet rundt. Vi har 54 pasientar fordelte på fem bufellesskap: tre somatiske og to for personar med demens. I tillegg driv vi 10 av 20 omsorgsbustader i nabobygget. Både Sundheimen og omsorgsbustadane har langtidsbuarar med samansette og krevjande diagnosar. Vi er eit engasjert fagmiljø som jobbar strukturert og effektivt. Vi set pris på medarbeidarar som kjem med forslag til forbetringar. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse, med fokus på omsorg, tryggleik, behandling og palliasjon. Sundheimen ligg i Skogsskiftet, om lag 15 minutt frå Straume. Tilsette har gratis parkering og tilgang til ladestasjon. Arbeidsoppgåver Heilskapleg omsorg for eldre menneskje Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar Utføre leiarskap når naudsynt. Ivareta pasientane sine individuelle behov Sørge for god dokumentasjon i Aidn( nytt epj. frå mai 2026) Rettleie kollegaer, studentar, elevar og nytilsette Handtere velferdsteknologiske løysningar Enklare Laboratorie-arbeid Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg Vi legg vekt på personlege eigenskapar Eigenskapar: Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert Du er engasjert og ansvarsbevisst Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive Personleg eignaheit blir vektlagt Anna: Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr år og kr. 40 000.- for nattarbeid over gjeldande tariff i 100 % stilling. Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år Ekstra helg planlagt i årsplan vert kompensert. Vernepleiar kan bli vurdert for stilling Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse. Vikariatet varer ut august 2027. Vi tilbyr Mentorordning i system Varierte sjukepleiefaglege oppgåver Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Moglegheit for fagleg og personleg utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar Gratis parkering og moglegheit for lading Kontakt: - Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569 [email protected] - Avdelingsleiar : Silje Skagen Heimdal . 56160400/96942550 [email protected] Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.