About this role
Om stillingen Eining helse og meistring har ledig eit vikariat i 100 prosent stilling som sjukepleiar/vernepleiar, med moglegheit for fast tilsetjing. Stillinga er for tida ved Jamnetunet bu- og behandlingssenter, avdeling Vaksdal sjukeheim for personar med demens. Vaksdal sjukeheim har 30 langtidsplassar, fordelte på to etasjar. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, heilskaplege tenester og kontinuerleg utvikling. Som sjukepleiar/vernepleiar i kommunehelsetenesta møter du pasientar med samansette behov. Dette gir ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi legg stor vekt på kompetanseheving, og internundervisning er ein fast og viktig del av arbeidet vårt. Vi ønsker å legge til rette for at alle tilsette skal få utvikle seg fagleg. Er du sjølvstendig, strukturert og god til å samarbeide, trur vi du vil trivast hjå oss. Vi kan òg tilby langvakter med arbeid kvar fjerde helg. Arbeidsoppgåver Pasientretta, sjukepleiarfagleg arbeid knytt til pleie, behandling og miljøretta tiltak. Dokumentasjon iht. lovverk og interne rutinar Følge opp tiltak og planar Legemiddelhandsaming Primæroppgåver, kommunikasjon og samarbeid med pårørande Rettleiing og oppfølging av nytilsette og studentar Bruk av velferdsteknologi Kvalifikasjonskrav Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Godkjent politiattest Gode samarbeidsevner og evne til å kommunisere tydeleg og respektfullt Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert Du er open for endring og utvikling Grunnleggande digital kompetanse God munnleg og skriftleg framstilling Personlege eigenskapar vert vektlagt. Om arbeidsgiveren: Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag. Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne. Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 5-4 i Helse- og omsorgstjenesteloven fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer. Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.