Now hiring

Vikariat, LIS 3 i Fødselshjelp- og kvinnesjukdommar @ Helse Bergen HF, Voss sjukehus

VossOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Søkjer du ein enklare kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø? Velkomen til Voss!Om stillinga: Voss sjukehus, Helse Bergen har ledig eit vikariat som LIS3 i Fødselshjelp- og kvinnesjukdomar frå 02.11.2026 til 31.10.2027. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.Om avdelinga: I avdelinga møter du eit ungt fastbuande overlegekollegium med 5 overlegar som alle har fått si spesialistutdanning i Helse Bergen. Voss sjukehus har utdanningsansvarleg overlege, og avdelinga har strukturert LIS 2/3 utdanning. Stillinga inngår i vaktordning, for tida med ei døgnvakt i veka med heimevakt på kveld/natt. Det blir født kring 450 born i året på Voss. Ved sida av å sjå til at alt går fint for seg med dei, gjennomfører vi kring 3000 polikliniske konsultasjonar og 350 operasjonar. Vi utfører dei fleste inngrep innanfor benign gynekologi.Vi søkjer etter deg som kan sjå for deg ei framtid på Voss sjukehus! Her kan du opparbeida deg brei erfaring innanfor generelle gynekologiske problemstillingar både i poliklinikken og på operasjonsstova. Samstundes får du driva med fødselshjelp og vaktarbeid på fødegangen. Med eit ungt kollegie, har vi stort fokus på faglig utvikling og vi ventar at du har det samme. Med mange overlegar i forhold til LIS3, vil du få tett oppfølging og raskt kunne læra deg kirurgiske ferdigheiter.Om Voss sjukehus: Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjend gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset, og ein flott golfbane. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores