Now hiring

Seksjonsleiar/ driftsleiar @ Helse Bergen HF, Drift- /teknisk divisjon

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du interessert i menneske, logistikk og teknologi?Då kan du vere den rette til å leie produksjonseininga vår i Hospitaldrift Tekstilforsyning. Vaskeriet vårt søkjer ein ny seksjonsleiar. Her vil du møte engasjerte medarbeidarar og få ein aktiv og variert arbeidskvardag.I tillegg til leiar- og driftsansvar for vaskeriet vil du arbeide med prosjekt innan tekstilforsyning til sjukehuset, prosjektstyring internt i vaskeriet og samarbeid med andre einingar i Hospitaldrift. Tekstilforsyning er éi av sju einingar i Hospitaldrift, som igjen er ei viktig avdeling i Drift/teknisk divisjon ved Haukeland universitetssjukehus. Divisjonen omfattar sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar.Hospitaldrift Tekstilforsyning har som hovudoppgåve å levere ei berekraftig teneste og er hovudleverandør av tekstilar til sjukehusdrifta i Helse Bergen. Som seksjonsleiar får du gode moglegheiter til å utvikle seksjonen, medarbeidarane dine og deg sjølv. Ditt bidrag kan gjere kvardagen enklare for pasientar og tilsette ved sjukehuset.Du vil ha ei sentral rolle i arbeidet med forbetringsprosessar og logistikk i eiga eining, i samarbeid med brukarane og kundane våre, samt med andre avdelingar ved sjukehuset. Vi søkjer ein leiar som ser den enkelte medarbeidaren, bidrar til eit positivt og berekraftig arbeidsmiljø, og som kan vidareutvikle og forbetre prosessane og samarbeidsevna vår. Du vil få med deg dyktige medarbeidarar og nøkkelpersonar i drifta. Som seksjonsleiar inngår du i leiargruppa for eininga.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores